Inaktiv

Har du lyst å prøve deg som funksjonsleiar hos oss?

Arbeidsgiver
Hemato/endo/infeksjon sengepost, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Funksjonsleiar
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Hei du som kanskje kjenner på at leiing kunne vore spennande å prøve, her har du høvet! 

Noverande funksjonsleiar studerar, og me søkjer etter ein person som kan vikariera i stillinga frå 06.05.2024, eventuelt oppstart tidligare. God opplæring vil du få samt tett oppfølging av funksjonsleiar.

Hemato/endo/infeksjon er ei veldreven avdeling med dyktige, dedikerte og kjekke medarbeidarar. Vi har to erfarne fagsjukepleiare, kursdager i turnus, simulering, forbedringsprosjekt blant anna sammen med laboratoriet, og ei god leiargruppe. Me har eit godt arbeidsmiljø, vant arbeidsmiljøprisen i 2022 og som leiar er du ein viktig bidragsytar i det. 

Det skjer mykje spennande på Haugesund sjukehus framover. Det er planar om eit nybygg til, der du kan vere med å påverke pasientbehandlinga i framtida og skape ein god arbeidsplass vidare.



Arbeidsoppgåver

  • Drifte avdelinga og være tett på ansatte og pasientar
  • Kompetanse og opplæring
  • Rekruttering
  • Personaloppfølging
  • HMS-arbeid
  • Samarbeide godt med verneombod og tillitsvalde
  • Stimulere til forbedringsarbeid

Kvalifikasjonar

  • Norsk bachelor i sjukepleie er eit krav
  • Nokre års arbeidserfaring frå pleien er eit krav
  • Erfaring frå fagfelta våre er ønskeleg
  • Interesse for administrasjon og leiing
  • Personlege eigenskaper blir vektlagd

Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du:

    • er positiv og motiverande
    • taklar eit høgt tempo og mykje som skjer samstundes
    • er både fleksibel og strukturert
    • bidrar med godt humør 
    • er sjølvgåande i rolla
    • legg til rette for eit godt samarbeid

    Vi tilbyr

    • Kjekke og dyktige kollegaer
    • Eit flott arbeidsmiljø
    • Ein spanande og utfordrande jobb
    • Varierte oppgåver og varierte dagar
    • Eit godt støtteapparat
    • Intern leiaropplæring

     

    Mangfaldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Elisabeth Bertelsen, Funksjonsleiar, 91604597

    Lise Bruntveit, Avdelingsleiar - medisin avdeling B, +47 48140917

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



    Referansenr.: 4793099428

    Stillingsprosent: 100%

    Vikariat

    Startdato: 06.05.2024

    Sluttdato: 31.12.2024

    Søknadsfrist: 26.04.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Ledelse, Sykepleier, Helsepersonell
    FINN-kode
    348213913
    Sist endret
    15. apr. 2024 06:37