Inaktiv

Vikariat for sjukepleiar

Arbeidsgiver
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal (døgn), Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Vikariat for sykepleier
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vi har no ledig 100% vikariat frå juni - 11.08.2025.
Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal er tverrfagleg samansett. Hovudoppgåva til seksjonen er utgreiing og behandling av demens (APSD) og psykiske lidingar hos personar over 65 år (ved demens ingen aldersgrense). Det er eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med poliklinikken i seksjonen. Døgnposten har 6 plassar. Poliklinikken har ein utstrakt bruk av ambulant aktivitet der også miljøpersonale frå sengepost deltar. Alderspsykiatri Nordmøre og Romsdal gir rettleiing og bistår samarbeidspartnarane våre i kommunane.
Hausten 2024 skal vi inn i det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR), og vi ser fram til å ha deg med på laget vårt.

Vitnemål, attestar og tenestebevis må lastast opp som vedlegg til søknad/CV.



Arbeidsoppgåver

Bidra i miljøarbeid, kartlegging, utgreiing og rettleiing. Seksjonen har eit stort fokus på miljøtiltak; sansestimulering, TID – modellen, tillitsskapande arbeid og benytter mellom anna Marte Meo til rettleiing innan funksjonsstøttande kommunikasjon.

Bidra til gode pasientforløp i samarbeid med kollegaer i sengeposten og i poliklinikk.

Vise engasjement og lojalitet til oppsette behandlingsmål og tiltak.

Halde seg fagleg oppdatert via seksjonen sine kompetansehevingstiltak.

Bidra til å utvikle eit godt samarbeid med kommunane.

Halde seg oppdatert på seksjonen sine rutinar og prosedyrar.

Kvalifikasjonar

Norsk autorisasjon som sjukepleiar

Erfaring frå liknande klinisk arbeid er ønskjeleg

Må ha gode skriftlege og munnlege norskkunnskapar

Personlege eigenskapar

Vi ønskjer oss ein truverdig og fagleg sterk fagperson med nok audmjukheit til å kjenne sin eigen styrke og begrensningar nok til å trå til når det skjer noko ekstra, og til å bringe sine synspunkt inn til drøfting med kollegaer. 
Denne jobben kan vere krevande kjenslemessig og du må sjølv vite når du har behov for at nokon ser deg, og seie frå om behov for støtte, rådgjeving og påfyll. I det daglege vil du gå tett på mennesker som har tøffe historier med seg og slit med etterverknad etter dette. Det forventast at du tåler å stå i det.

Du må kunne ta utfordringar på sparket og stole på deg sjølv

Du må vere omstillingsdyktig då det skjer store endringer i organisasjonen vår

Du må vere positiv og ein god relasjonsbyggar

Du er fleksibel, løysningsorientert og har stor arbeidskapasitet

Du er god på å samarbeide på tvers av yrkesgrupper

Du er fysisk og psykisk eigna for stillinga

Du må vere fagleg tydelig og gje tilbakemeldingar til kollegaer både på det negative og positive 
Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Marit Møgedal Stokkeland, Seksjonsleiar, +47 46683184

Arbeidssted

Opdølvegen

6450 Hjelset

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4798507979

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 10.06.2024

Sluttdato: 11.08.2025

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Opdølvegen, 6450 Hjelset
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
348213092
Sist endret
15. apr. 2024 06:29