Inaktiv

Vil du gi oss ditt lærarhjerte?

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Oppvekst
Stillingstittel
Lærarstillingar i Vindafjordskulen (2. gongsutlysing)
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søkjer:

Lærarar til barne- og ungdomsskulane i Vindafjord kommune med oppstart hausten 2024.

Om oss og stillingane:

Vindafjord kommune har fem oppvekstsenter og fire skular. Frå 01.08.2024 vil det vera fleire ledige stillingar som lærarar, både faste og vikariat i ulike stillingsprosentar. Vindafjord kommune søkjer gode klasseleiarar med godkjend lærarutdanning. I søknaden ønskjer me at du skriv kva fag som ligg i utdanning di, og at tilleggsutdanning blir spesifisert med fag og studiepoeng. Dersom du ønskjer, går det an å prioritera kva skule du har som førsteval osb.

Les meir om skulane her.

Kvalifikasjonar:

Grunnskulelærarutdanning eller anna godkjend pedagogisk utdanning som er relevant for arbeid i grunnskulen.

Godkjend undervisningskompetanse i tråd med opplæringslova § 10-1 og jamføre forskrift til opplæringslova § 14.

Norsk er arbeidsspråk i Vindafjord kommune og som søkjar må du kunne snakka, lesa og skriva så godt norsk at du både kan samarbeida med andre og utføra arbeidsoppgåvene dine sjølvstendig. 

Søkjarar utan godkjent pedagogisk utdanning kan og bli aktuelle.

Personlege eigenskapar:

  • Du er positiv og har engasjement for barn og unge
  • Du har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Du kan arbeida sjølvstendig, så vel som i team
  • Du har ei løysingsorientert tilnærming til arbeidsutfordringar
  • Du er ein autoritativ vaksen
  • Personleg eigenskapar vil bli vektlagt

Me kan tilby:

  • Mentor til nyutdanna lærarar
  • Meiningsfullt og variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjend politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller har vore i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Antall stillinger
10
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
348206864
Sist endret
12. apr. 2024 01:00