100% stilling som mijøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda

Arbeidsgiver
Ullensvang kommune Tenester for funksjonshemma
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

100% stilling som miljøterapeut ved Mjøstølen avlastningsbustad, Odda

 

På Mjøstølen avlastningsbustad yter me tenester til familiar med barn med særskilte behov. Vi yter også tenester til vaksne med særskilte behov, og har døgndrift. 

Vi er opptekne av at barna og familiane skal oppleve tryggleik når barnet er hjå oss. Arbeidet innebærer å skape gode og trygge rammer for barna, støtte dei i kvardagslege aktivitetar og leik, samt følge opp individuelle behov og samarbeid med pårørande og andre instansar. Vi er eit godt team som er opptekne av å gi gode, stabile tenester, samt støtte og hjelpe kvarandre i arbeidet. Akkurat no førebur vi oss på å prøve ut ein ny turnus med langvakter, etter ønske frå dei tilsette. Dette vil gi fleire opphold mellom kvar arbeidsperiode og med arbeid kvar fjerde helg. 

Vi har tre ledige 100% faste stillingar. Vi søker primært etter miljøterapeut til stillingane, men høyrer gjerne frå deg som har anna bakgrunn, erfaring og interesse for faget og brukargruppa. 

Det er ønskelig med oppstart i stillingane 02.september 2024, med moglegheiter for tidlegare tiltreding.

Du må gjerne ringe oss for ein uforpliktande samtale!

 

Hovudarbeidsoppgåver 

● Målretta miljøarbeid 

● Samarbeid med skule, spesialisthelsetenesta og pårørande 

● Følge opp interne rutinar i samarbeid med leiar 

● Bidra til eit godt arbeidsmiljø 

● Legemiddelhandtering

 

Vi ser etter deg som 

● har erfaring frå målretta miljøarbeid og målgruppa 

● har erfaring med vedtak etter kap 9 

● har gode samarbeidsevner, er fleksibel og positiv 

● likar å vere i fysisk aktivitet 

● er stabil og personleg skikka til stillinga 

● meistrar norsk skriftleg og munnleg 

 

Vi kan tilby 

● Ein fagleg krevjande, spennande og lærerik jobb 

● Opplæring og rettleiing 

● Dyktige, hyggelige og løysingsorienterte kollegaer 

● Lønn etter hovudtariffavtalen 

● Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen 

● Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA) og gode permisjons- og pensjonsvilkår. 

 

Krav: 

● Politiattest 

 

Kontaktpersonar: Arbeidsleiar Silje Vintertun Grasdal, tlf.: 48 01 52 78

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
348201306
Sist endret
15. apr. 2024 06:21