Inaktiv

Lærlingplass som helsefagarbeidar hjå Vik Helse og velferd

Arbeidsgiver
Vik Helse og Velferd
Stillingstittel
Lærling helsefagarbeider
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Lærling

Beskrivelse

Vik Kommune har ledig ein (1) lærlingstilling som helsefagarbeidar frå august 2024.




Hva vi ser etter

Me søkjer etter personar som har fullført og bestått VG1 og VG2 innan faget.


Personlege eigenskapar blir vektlagde. Me ser etter deg som er positiv, omgjengeleg, samarbeidsvillig og lærevillig.


Forventingar me har til deg som søkjer:


  • At du viser interesse for faget
  • At du tek ansvar for å vise eigen fagleg utvikling ved å dokumentere i eige dokumentasjonsprogram og ved samhandling med instruktør
  • At du tek del i det daglege arbeidet ved avdelinga

Andre opplysningar


Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.


Søknadsprosedyre


Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.


Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju.


Den som blir tilsett må levera politiattest av nyare dato.




Arbeidsoppgaver

Læreperioden vert fordelt mellom ulike arbeidsplassar innan pleie- og omsorgstenestene, både i heimetenesta, sjukeheim og i bu- og miljø tenesta. Du får og tilbod om utplassering på sjukehus.


På sjukeheimen har me, i tillegg til somatisk avdeling og demens avdeling, eige KAD rom (kommunal akutt døgnplass) og eit rom for lindrande behandling.




Vi tilbyr

Me har ledig ein (1) lærlingstilling som helsefagarbeidar frå august 2024 (oppstart etter avtale).


Helse og velferd i Vik er godt i gang med ombygging/nybygging av sjukeheimen og vil etterkvart ha på plass nye, topp moderne lokale for sjukeheimsdrift. Open omsorg har allereie flytta inn i nye lokale i lag med rehabiliteringsteneta, og me har fått på plass nye moderne omsorgsboligar. Byggetseg 2 vil vera ferdig våren 2025, og heile anlegget skal vere ferdig hausten 2026.


Me tilbyr deg ein læreplass som er spanande og utfordrande. Du vil få god fagleg og personleg opplæring, og nødvendig kursing som tilfredsstiller dei krav som læreplassen fastset.


Løns- og tilsetjingsvilkår


Vik kommune tilbyr 100% fast stilling etter godkjent utdanning/fagbrev. Ved fast tilsetjing vil helsefagarbeidar få eit lønnstillegg til grunnlønn på p.t. kr. 15 000,- pr. år fram til 10 år ansiennitet er oppnådd.


Løn for lærling blir fastsett som ein prosentvis andel av minsteløn for fagarbeidar. Fag som følgjer hovedmodellen har 2 år opplæring i skule og 2 år i bedrift. Lønstabell:


1.halvår: 30 % av minsteløn fagarbeidar


2.halvår: 40 % " "


3.halvår: 50 % " "


4.halvår: 80 % " "


Kommunen har gode forsikrings- og pensjonsordningar.

Sektor
Offentlig
Sted
Fjordavegen 1, 6891 Vik i Sogn
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
348197837
Sist endret
12. apr. 2024 12:43