Inaktiv

Vi søker lærarar 1.-7. trinn, fast stilling og vikariat

Arbeidsgiver
Florø barneskole
Stillingstittel
Grunnskolelærar 1.-7.-trinn Fast/vikariat
Frist
21.04.2024

Beskrivelse

 4 stillingar i 100% som lærar, lærarvikar frå og med 01.08.2024. 

 Florø barneskole er ein stor skole med mange muligheiter, og stort mangfald. Vi er flinke til å halde på det som er bra, men likar og  å tenke nytt. Kollegiet er stort og       kreativt, med folk i alle aldre. Har ei god fordeling av erfarne og nyutdanna, menn og kvinner. 


Vi søker deg som;

  • set elevane i fokus,
  • vil legge vekt på å sjå elevane sine behov 
  • vil samarbeide med andre pedagogar, fagarbeidarar og miljøterapeutar for å skape kvalitet i tilbodet til elevane.
  • er opptatt av å skape eit godt læringsmiljø
  • legg stor vekt på eit inkluderande miljø der alle kjenner seg trygg og trivast
  • som vil delta i å profesjonalisere det pedagogiske arbeidet gjennom deltaking i kompetanseheving  
  • er kreativ, men strukturert,
  • kan jobbe tverrfagleg og variert
  • er sjølvstendig og engasjert

Florø barneskole treng pedagogar som vil vere kontaktlærar. Vi har og behov for personale som vil jobbe med  andrespråkspedagogikk.

Ved å jobbe på Florø barneskole blir du ein del av eit fagleg sterkt, og hyggeleg arbeidsmiljø, som alltid ser etter dei beste løysingane saman.

Vi er eit fagteam der pedagogar, fagarbeidarar, miljøterapeutar og leiarar søker etter dei beste verktøya for å gjere skolekvardagen best mogleg for elevane. Vi liker å jobbe smart og nyttar ulike digitale hjelpemiddel og system. Florø barneskole legg vekt på gode planar, struktur og mål om å få eit best mogleg samarbeid mellom heim og skole. 
 



Arbeidsoppgåver

Undervisning/spesialundervisning på 1.-7. steg.  

Kvalifikasjonar

Pedagog

Høgskoleutdanning; grunnskolelærar 1.-10.klasse/1.-7. /5.-10. klasse med undervisningskompetanse i faga norsk, engelsk, matematikk. Ønskelig også med andrespråkspedagogikk.
Høgskoleutdanning; førskole-/barnehagelærar med undervisningskompetanse 1.-4.klasse. 
  

Personlege eigenskapar

Vi treng deg som er god på klasseleiing, som har ein autoritativ vaksenstil og som er god på å bygge relasjonar. Vi er ute etter deg som jobbar strukturert og kvalitetsbevisst. Det er viktig at du er robust og klarer å stå i ein jobb som krev det beste av dei beste. Vi oppfordrar menn til å søkje. 

Vi tilbyr

Spennande jobbar med dei aller viktigaste samfunnsoppdraga.
Tilhøyrsle til eit godt fag- og utviklingsmiljø ved skolen og som del av Kinn kommune.
Ordna arbeidsforhold.

Kontaktinformasjon

Wenche Iren Brandsøy, Konstituert rektor Florø barneskole, +47 90771878

Arbeidsstad

Hans Blomgate

6905 Florø

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Kinn kommune



Referansenr.: 4798980652

Stillingsprosent: 100%

Fast, Vikar

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 21.04.2024


Antall stillinger
4
Sted
Hans Blomgate, 6905 Florø
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
348191282
Sist endret
12. apr. 2024 12:20