Inaktiv

Engasjert sjukepleiar søkast til heimetenesta i Nissedal

Arbeidsgiver
Nissedal kommune
Stillingstittel
Sykepleier
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du bli ein del av eit godt arbeidsmiljø med ein spanande arbeidskvardag kor ingen dag er lik ? Heimetenesta i Nissedal kommune har stort fokus på tenesteutvikling og held på med mykje spennande som blant anna gode pasientforløp og tiltakspakke demens. Der er stort fokus på kompetanseheving og me er ein del av simuleringsprosjektet i Vest -- Telemark, så her får du mogeligheit til fagleg utvikling. Eininga har årsturnus, kor du er med å lage din eiga turnus, ut frå dine behov. Dersom du tenker dette høyrast spannande ut, så bør DU lese vidare og søkje på dei ledige stillingange me har.


Eining for Velferd Nissedal avdeling for heimebaserte tenester har følgjande ledig stilling:


Sjukepleiar i svangerskapsvikariat 100% stilling i heimetenesta/korttid med muligheit for fast tilsetjing, ledig frå 01.06.24 -- Id 2024/366


Sjukepleier- helsefagarbeider vikariat 31% stilling 3 kvar helg med langvakter i heimetenesta/korttid l, med muligheit for fast tilsetjing. Ledig frå 01.05.24 -- Id 2024/367


Kvalifikasjonskrav:


  • Autorisert sjukepleiar og helsefagarbeidar
  • Engasjert
  • God munnleg og skriftleg kommunikasjonsevne
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Sjølvstendig og kunne takle utfordrande situasjonar samstundes som du har gode samarbeidsevner
  • Evne til å leie/rettleie og motivere andre
  • Høg arbeidsmoral
  • Nytenkende og medansvarleg til å utvikle og bevare gode tenestar og arbeidsmiljø
  • Ynskjeleg med erfaring innan demensomsorg, emn ikkje eit krav
  • Førarkort kl. B

Vi tilbyr:


  • Eit godt arbeidsmiljø
  • Varierte arbeidsoppgåver
  • Stadleg og synleg leiing som saman med tilsette finnar gode løysingar saman
  • Mogeligheiter for kompetansehevande tiltak, gjennom relevant vidareutdanning og intern kompetanseheving
  • Lønn etter avtale. Nissedal kommune tilbyr 10 års ansiennitet ved tilsetting for høgskulepersonel

Personleg egna vert lagt til grunn ved alle tilsettingar. Ved intern tilsetjing vil andre kvalifiserte søkjarar kunne få tilbod om anna stilling i same tilsetjinga


Anna:


  • Tilsetjingsvilkår etter gjeldande lov, tariffavtale og kommunen sitt reglement
  • Ved tilsetjing blir det stilt krav om politiattest
  • Me gjer merksam på at namn på søkjarar kan bli offentleggjort i høve til offentleglova § 25
  • Kopi av vitnemål og attestar skal leverast i samband med intervjuet

Søknad på elektronisk søknadsskjema


Søknadsfrist: 28.04.24

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Treungvegen 398, 3855 Treungen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
348190789
Sist endret
12. apr. 2024 11:24