Inaktiv

Er du lege som ikkje har fått turnusplass?   

Arbeidsgiver
Medisinsk og ortopedisk seksjon LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Er du lege som ikkje har fått turnusplass? Vi treng deg!
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Lærdal sjukehus har frå  19.08.2024 - 01.03.2025 (med mogelegheit for oppstart som sommarvikar frå juli) behov for legevikar på Medisinsk og Ortopedisk seksjon. 

Lærdal sjukehus treng ein legevikar på Medisinsk seksjon og ein legevikar på Ortopedisk seksjon. Den tredje stillinga (LIS2) er til almennlege i spesialisering. I dei tilfelle vi ikkje har almennlege i spesialisering kan vi tilsette lege som er ferdig med LIS1 teneste i kommunen. Skriv i søknaden kva stillinga du foretrekker. 

Lærdal sjukehus er ein del av Helse Førde HF. 

Vi søkjer deg som tar ansvar, har pasienten i fokus og samarbeider godt med andre. Vi kan tilby deg varierte medisinsk- og ortopediskfaglege utfordringar, og eit godt arbeidsmiljø.

Du vil få oppgåver knytt til sengepost, poliklinikk, visittgang og vaktarbeid på Medisinsk og Ortopedisk seksjon. Du vil på vakt også ha ansvar for skadepoliklinikken. På alle vakter har du erfaren overlege i bakvakt. Skadepoliklinikken har 24-timars døgnberedskap og handterer dei fleste mindre skader og brudd.

Lærdal er ein kommune og eit dalføre i Vestland som strekkjer seg frå Sognefjorden i vest til fylkesgrensa på Filefjell og Hemsedalsfjell i aust. Lærdal ligg innerst i Sognefjorden med god kommunikasjon til Oslo og Bergen. Her er fantastisk natur med flott turterreng i nærområdet, sommar som vinter.



Arbeidsoppgåver

  • Varierte oppgåver knytt til mottak av pasientar, akutt og planlagd innlegging, oppfølging og utskriving av pasientar på sengepost og poliklinikk 
  • Stillinga inngår i tredelt plan med arbeid på dag/kveld/natt og arbeid 3. kvar helg. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege med full rekvisjonsrett - Cand med. 
  • Gode kunnskapar i norsk både munnleg og skriftleg
  • Søkjarar utanfor Skandinavia må dokumentere kunnskap i norsk skriftleg og munnleg
  • Gode IKT kunnskapar
  • Kjennskap til DIPS Arena og Meona er ein fordel

Personlege eigenskapar

  • Ha gode samarbeidsevner og vere fleksibel
  • Tåle tidvis høgt tempo
  • Ha pasienten i fokus

Vi tilbyr

  • Utviklande arbeid
  • Godt arbeidsmiljø
  • Hjelp med å skaffe bustad
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Personalhytte på Filefjell

Kontaktinformasjon

Hrafnhildur Yr Elvarsdottir, Seksjonsleiar Medisinsk - og Ortopedisk seksjon LSH

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4797868527

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Startdato: 19.08.2024

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Sykepleier
FINN-kode
348183207
Sist endret
12. apr. 2024 11:20