ID 919 - Fastlegar i rotasjonsordning til Fitjar legekontor

Arbeidsgiver
Fitjar kommune
Stillingstittel
Lege
Frist
23.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Fitjar legekontor skal utvide kapasiteten og søkjer 5 fastlegar. 3 av desse stillingane vert organisert i rotasjonsordning 2 veker på - 4 veker av.


Fitjar kommune er godkjend utdanningsverksemd for legar, og kan tilby varierte og interessante oppgåver med moglegheit for fagleg utvikling. Legesenteret er kommunalt drevet med 3 tilsette sjukepleiarar og 1 legesekretær, samt 6 legar og 1 LIS1. Som fastlege i Fitjar kommune deltek du i daglegevakt kvardagar frå klokka 08-15, og i interkommunal legevakt på kveld, natt, helg og høgtid. Den interkommunale legevakta er eit samarbeid mellom 3 kommunar, og er lokalisert i eit eige bygg like ved Stord sjukehus. Du må her pårekna ca. 2-4 vakter i månaden.


Me søkjer etter 3 legar i rotasjonsordning med kvar si liste på 500 pasientar.


For legar i rotasjonsordning


  • Arbeidstid 08:00-20:00 vekedagar, og legevakt mellom helg (12 dagar).
  • Administrativ tid 2 timar per vekedag i bunden tid
  • Administrativ tid 7,5 time per veke i ubunden tid
  • Fitjar kommune organiserar møblert bustad/leiligheit mot eigenbetaling i bunden tid i turnusperioden

Nokre av arbeidsoppgåvene som skal utførast


  • Kommunal bistilling andre allmennfaglege oppgåver, opptil 20% (sjukeheim og helsestasjon)
  • Legevakt i veldriven interkommunal legevakt, omlag 2-4 legevakter per månad
  • Legar under spesialisering fylg ALIS forlaup

Kvalifikasjonar


  • Norsk autorisasjon som lege med refusjonsrett
  • Spesialist i allmennmedisin eller er under spesialisering i allmennmedisin (ALIS)
  • Krav om fullført LIS1
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Sertifikat klasse B, gjerne disponere eigen bil

Me tilbyr


  • Konkurransedyktig fastlønn med 20 % inntening av HELFO-oppgjeret eller næringsdrift med 8.2 -avtale etter eige ynskje
  • ALIS avtale med tilrettelegging for spesialisering i allmennmedisin
  • Som fastlønna lege får du fri med lønn til naudsynte kurs
  • Som fastlønna lege får ein intensiv i form av 20% av HELFO refusjonar, samt konkurransedyktig løn
  • Næringsdrivande legar får dekka 60% av allmennlegeforeininga sitt praksiskompensasjon beløp for eigen sjukdom og sjukt born under 12 år inntil 10 dagar per år
  • Spanande arbeidskvardag med allsidig erfaringsbygging og kompetanse innan feltet allmennmedisin 2 veker bunden tid og 4 veker ubunden tid
  • Deltaking i jamleg internundervisning

Andre opplysingar


  • Ved tilsetjing er det krav om politiattest av nyare dato
  • Ein må oppgje HPR-nr. i søknad

Synes du stillingane ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk med CV, vitnemål og attestar vedlagt. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.


Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentleg søkarliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25.


Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med etatlsjef for helse, sosial og omsorg Anne Økland

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Allmennmedisin
FINN-kode
348166595
Sist endret
18. apr. 2024 07:36