Inaktiv

Politiførstebetjent med funksjon som teamleiar

Arbeidsgiver
Tenesteeining Bergen sentrum, Avsnitt for etterforsking valdtektsaker, Vest pol
Stillingstittel
Politiførstebetjent med funksjon som teamleiar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

I Vest politidistrikt, Geografisk driftseining Bergen, Askøy og Øygarden, Seksjon for etterforsking av vald og sedelighetsovertredelser, er det ledig ei fast stilling som politiførstebetjent med funksjon som teamleiar (SKO 0285) ved Avsnitt for etterforsking valdtektssaker.

Seksjon for etterforsking av vald og sedelighetsovertredelser består av tre avsnitt. Valdtektsavsnittet er organisert med ein avsnittsleiar, ein teamleiar og tre grupper med omlag 3 etterforskarar i kvar gruppe. Stillinga er stadsplassert ved Bergen sentrum politistasjon.

Avsnittet jobbar tett med Felles eining for påtale i sakene, og har 2 påtaleansvarlege som har ansvar for avsnittet si portefølge.

Avsnittet etterforskar alle valdtektssaker i driftseininga, og hjelper og til i nokon saker som etterforskes ved Felles eining for etterretning og etterforsking, Seksjon for etterforsking av drap, grov vald mot barn og grove seksuallovbrudd.



Arbeidsoppgåver

  • Koordineringsansvar for omlag 10 etterforskarar
  • I tett samarbeid med PEL
    • gi fagleg råd til og rettleiing av etterforskarar
    • ansvarleg for at sakene ferdigstillast med avtalt kvalitet og innan fastsatt tid
    • Ved behov ha innleiande politifagleg leiing i større straffesaker
  • Samarbeide med Felles eining for påtale i saker for å jobbe mest mogeleg effektivt og i tråd med føringar frå Høgare påtalemakt
  • Ansvarleg for fordeling av saker og arbeidsoppgåver i gruppene
  • Ansvarleg for oppfølging av arbeidsoppgåver i og prioritereinger mellom tildelte straffesaker
  • Ansvarleg for tett porteføljestyring i samarbeid med avsnittsleiar
  • Bidra til fleksibel bruk av ressursane på avsnittet, og på tvers av seksjonen i tett dialog med avsnittsleiar
  • Bidra til effektiv og tydeleg kommunikasjon med medarbeidarar i eigen og andre seksjonar
  • Må påregne å utføre etterforskingsoppgaver ved behov
  • Kan bli avløysar for avsnittsleiar

Kvalifikasjonar

Du må ha:

  • Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen
  • Brei politifagleg bakgrunn (minimum 3 år) med hovudvekt på etterforsking
  • Erfaring frå saksredigering, mellom anna gode BL-kunnskaper og kunnskap i bruk av prosjekter i INDICIA
  • Erfaring med bruk av politiet sine IT-systemer
  • Bestått Kreativ-kurs eller tilsvarande
  • God munnleg og skriftleg framføring i norsk og engelsk
  • Minimum AOP-godkjent eller kvalifisert og villig til å bli godkjent

Vi ønskjer i tillegg at du har:

  • Erfaring frå etterforsking innen valdtektsaker
  • Vidareutdanning innan fagfeltet
  • Leiarutdanning og erfaring frå etterforskingsleiing
  • Kompetanse innan utarbeiding av etterforskingsplanar

Det er ein fordel om du har:

  • Kompetanse i bruk av PPS som arbeidsmetodikk
  • Kompetanse innen Digitalt politiarbeid (DPA)
  • Kunnskap om HMS-arbeid

Du må ha plettfri vandel og vera skikka for teneste i politiet og politiattest (uttømmande og utvida) må innhentast ved ev. tilsetjing jfr. politilova § 18 og politiregisterlova § 41.

Personlege eigenskapar

  • Er strukturert, har evne til å prioritera, ta avgjerder og ha god gjennomføringsevne i hektiske og pressa situasjonar
  • Gode leiareigenskapar med evne til å koordinera og motivera medarbeidarane
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Evne til å byggja gode relasjonar
  • Mål og resultatorientert med evne til kreativ problemløysing

Som medarbeidar i politiet blir du kjenneteikna av å vera modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Me jobbar saman for fellesskapets beste i tråd med lover, reglar og våre verdiar. Du kan lesa meir i medarbeidarplattforma vår og i dei etiske retningslinjene våre.

Vi tilbyr

  • Ein utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vere med å forme framtidas polititenester 
  • Eit solid fagmiljø med gode utviklingsmoglegheiter, og eit arbeidsmiljø med engasjerte og dyktige kollegaer 
  • Stillinga som politiførstebetjent SKO 0285 med funksjon som teamleiar blir lønna i spennet frå lønnstrinn 68/ kr 667.700,-  til  lønnstrinn 72/ kr 720.100,- brutto per år.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med blant anna gode pensjons- og forsikringsordningar (sjå https://www.spk.no for meir info)

Generelt 
Politiet meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Me treng medarbeidarar med ulike kompetansar, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Dersom det er mogleg vil me leggja til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal me kalla minst inn éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju. For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seia positivt særbehandla på denne måten, må søkjarane oppfylla visse krav.
 
For å ha eit godt vurderingsgrunnlag ber me deg om å registrera utfyllande CV i rekrutteringsportalen vår og lasta opp relevante attestar og vitnemål. Dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn oppmodar me deg til å kryssa av for dette i rekrutteringsportalen vår. Avkryssingane dannar grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine.
 
Du kan lesa meir på arbeidsgivarportalen https://arbeidsgiver.difi.no/positivsaerbehandling.  
 
Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.

Saksnr.:  24/74056

Kontaktinformasjon

Kjartan Duesund, Avsnittsleder, 95184123 , kjartan.duesund@politiet.no

Sissel Irene Helle Becker, Seksjonsleder, 94876963, sissel.becker@politiet.no

Arbeidsstad

Allehelgens gate

5008 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vest politidistrikt



Referansenr.: 4794966311

Stillingsprosent: 100%

Fast stilling

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Allehelgens gate, 5008 Bergen
Stillingsfunksjon
Annet, Ledelse, Politi
FINN-kode
348158777
Sist endret
12. apr. 2024 08:23