Sommarvikarar navigatør Indre Sunnmøre

Arbeidsgiver
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
Stillingstittel
Sommarvikar navigatør på samband på Indre Sunnmøre
Frist
09.05.2024

Beskrivelse

Bli med på verdas største grøne revolusjon i ferjenæringa!

Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!

Fjord1 har behov for sommarvikarar i stilling som navigatør til ulike samband på Indre Sunnmøre.

Tidsrom: sommerhalvåret 2024.

Skiftordninga vil variere på dei ulike sambanda.

Aktuelle kandidatar vert kontakta fortløpande.



Arbeidsoppgåver

  • Leiar for dekksavdeling
  • Avløysar for skipsførar
  • Ettersyn på navigasjonsutstyr
  • Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
  • Ta om bord/i land bilar og passasjerar ved behov
  • Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
  • Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
  • Opplæring, utvikling og trening av personell
  • At mannskapet har riktig verneutstyr
  • At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
  • At kommunikasjonsutstyr er i orden
  • At billettering og kontroll vert utført
  • At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt

Kvalifikasjonar

  • Minimum D3
  • ROC/GMDSS-sertifikat
  • Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
  • Krise-og passasjerhandtering
  • Gyldig helseattest

Personlege eigenskapar

  • Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
  • Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
  • Godt humør
  • God kommunikasjonsevne
  • Fleksibel
  • Serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
  • Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Gode velferdsordningar

Kontaktinformasjon

Solveig Bjørnvold, Bemanningskoordinator, +47 47904789

Arbeidsstad





Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Fjord1 AS



Referansenr.: 4797860527

Stillingsprosent: 100%

Vikar

Søknadsfrist: 09.05.2024


Sted
6165 Sæbø
Stillingsfunksjon
Annet, Teknisk personell
FINN-kode
348156860
Sist endret
23. apr. 2024 09:26