Inaktiv

Teiknspråktolk

Arbeidsgiver
NOR - Adm.stab, Vestland fylkeskommune
Stillingstittel
Teiknspråktolk
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Nordahl Grieg videregående skole er ein skole i Ytrebygda bydel i Bergen. Skolen stod ferdig i august 2010
og gir plass til 970 elevar og om lag 160 tilsette.
Det er eit mål å skape eit vekstmiljø for kunnskap, kreativitet og innovasjon. Den arkitektoniske
utforminga av skolen samspelar med ei leiar- og lærarrolle som byggjer på eit sosiokulturelt læringssyn.
Areala er transparente, fleksible og krev god samhandling.
Visjonen til skolen er ”Dristige hjerner i samspill”. Nordahl Grieg videregående skole tek mål av seg til å
vera ein føregangsskole i bruk av digital læringsteknologi, noko som endrar undervisning og læring på
grunnleggjande måtar. Skolen har høgt fokus på bærekraft.
Skolen har desse utdanningsprogramma: Studiespesialiserande, Medium og kommunikasjon og Helse- og
oppvekstfag. Skolen har og avdeling for Tilrettelagt opplæring og avdeling Sykehusskolen. Avdeling
Sykehusskolen er lokalisert i Glasblokkene på Haukeland sykehus. Skolen er knutepunktskole for døve og
hørselshemma.
Skolen ønskjer å bevare eit levande teiknspråkleg miljø, og oppmodar personar med nedsett hørsel til å
søkje stillingar hos oss.


Arbeidsoppgåver

Den som vert tilsett vil gå inn i eit fagleg tolketeam på om lag 20 personar. Arbeidsoppgåvene vil innehalde tolking både for elevar og tilsette.

Kvalifikasjonar

Bachelor i tegnspråk og tolking eller tilsvarande.
Det er svært ønskjeleg med erfaring frå praksis som tolk.

Ønskjeleg at det framgår av søknaden kva tolkemetodar ein har erfaring med/brukar.

Personlege eigenskapar

Søkjar må ha gode samarbeidsevner, ha fokus på relasjonsbyggjing og ha eit ønskje om å delta i
fremtidsretta læringsmiljø i digitale omgjevnader.

Personlege eigenskapar og gode kommunikasjonsevner vil bli lagt særlig vekt på ved tilsetjing. Elevane
er framtida vår. Den vi tilset må ha godt lag med ungdom, vera vennleg, tydeleg og strukturert. Vi
ønskjer oss ein kollega med godt humør, positiv innstilling og ønskje om å skape eit godt fagmiljø
saman med andre i tolketeamet og på skolen.

Søkjar må ha evne til fleksibilitet og vere budd på endringar i tolkeplanen, ikkje berre frå dag til dag,
men stundom også time for time.

Vi tilbyr

Nordahl Grieg er ein spanande arbeidsstad med rom for kreativitet og eit gründermiljø der du vil vere ein
viktig medarbeidar.
Skolen har eit godt tolketeam der det er mogeleg med god fagleg utvikling gjennom mellom anna
kollegarettleiing. 
For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår fastsett i lov- og avtaleverk.
For meir informasjon, sjå skolens heimeside http://ngv.hfk.no
Om søknaden:
Bruk elektronisk søknadsskjema
Det er ønskjeleg å vite noko om motivasjonen din for søknaden
Ta med annan realkompetanse og ev interessefelta dine
Gje opp to, helst tre referansar: Ein overordna

Kontaktinformasjon

Lisbeth Ljones Aulin, Administrativ leder/Personalleder              , 90477749, lisbeth.ljones.aulin@vlfk.no

Arbeidsstad

Steinsvikvegen 430

5239 Rådal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune



Referansenr.: 4798586159

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Steinsvikvegen 430, 5239 Rådal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
348153224
Sist endret
12. apr. 2024 07:08