Inaktiv

Flyktningmedarbeidar

Arbeidsgiver
Flyktningarbeid, Valle kommune
Stillingstittel
Flyktningmedarbeidar
Frist
26.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Valle kommune har ansvar for å ta imot, busette og sysselsette flyktningar og innvandrarar, og til denne jobben søkjer me deg som er engasjert, fleksibel og har god språkkompetanse. Vi er opptekne av å møte flyktningar med anerkjenning og rausheit, og skal legge tilrette for inkludering på alle arenaer. Tenesta består i dag av ein leiar og ein flyktningkonsulent. Me søkjer no etter ein assistent/fagarbeidar som kan vere med på laget som flyktningmedarbeidar.

 



Arbeidsoppgåver

  • ansvar for å bistå og koordinere busetnad for flyktningar i kommunen.
  • råd og rettleiing ved mottak av flyktningar: gje praktiske råd og rettleiing når dei kjem til kommunen, hjelpe dei med å orientere seg i lokalsamfunnet og tilpasse seg den nye kvardagen
  • tilrettelegging for jobb: i samarbeid med flyktningkonsulent, NAV og andre relevante aktørar legge tilrette og formidle jobbmogelegheit og gje råd og støtte i jobbprosessen
  • legge til rette for og følge opp flyktningar i skule og barnehage. Samarbeide med skulen og barnehagane for å sikre ein trygg og god overgang og start
  • informasjon og kommunikasjon: vere eit språkleg bindeledd
  • bidra til transport til og frå tenestetilbodet som individuell og gruppebasert oppfølging
  • bistand i samband med helseoppfølginga

 

Kvalifikasjonar

  • eigen erfaring eller erfaring frå tidlegare arbeid med flyktningarbeid
  • gjerne relevant fagbrev, men erfaring kan kompensere for utdanning
  • gode kommunikasjonsferdigheiter munnleg og skriftleg, du snakkar gjerne ukrainsk/russisk og har god forståing for arbeidet med ulike kulturar
  • må ha førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • gode sosiale eigenskapar: Du kjem lett i kontakt med menneske og likar å møte nye menneske og skape gode menneskemøter
  • gode evnar til samarbeid
  • praktisk anlagt og kan gjere forefallande arbeid, til dømes i samband med tilrettelegging av bustad

Me tilbyr

  • løn etter gjeldane tariff
  • eit spennande arbeidsfelt i endring og utvikling
  • godt arbeidsmiljø og engasjerte medarbeidarar
  • bedriftsleiligheit i Kristiansand sentrum for tilsette i Valle kommune
  • svært gode pensjons- og forsikringsordningar
  • gode kultur- og fritidstilbod for ulike interesser og aldersgrupper
  • ei trivelig bygd å bu i
  • fantastiske moglegheiter for friluftsliv
  • kort avstand til alpinanlegg
  • gratis barnehage frå august 2024

 

Viktig for søknaden din:

  • CV skal skrivast i Webcruiter-malen
  • Attestar frå tidlegare arbeidsforhold skal lastast opp i Webcruiter. Dersom ei utrekning av ansiennitet skal omfatte fødsel/omsorg for barn, må fødselsattest eller anna dokumentasjon lastast opp.
  • Ved behov for hjelp til registrering av søknad, kontakt 379 37 500. 
  • Alle kvalifiserte kandidatar uansett alder, funksjonsevne, kjønn, seksuell orientering, religion eller etnisk bakgrunn vert oppfordra til å søkje. Arbeidsplassar i Valle kommune skal vere prega av mangfald.
  • Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnateke offentlegheit, men da må du grunngje dette skriftleg, jf. offentleglova §25. Kan ikkje kommunen imøtekome dette, vil du bli varsla før søkjarlista blir ferdigstilt.

    Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.
  

Kontaktinformasjon

Marit Jaabæk Brokke, Rektor/einingsleiar, 99169862, marit.brokke@valle.kommune.no

Arbeidsstad

Fv336 70

4747 Valle

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Valle kommune



Referansenr.: 4785523728

Stillingsprosent: 50%

Fast

Søknadsfrist: 26.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Fv336 70, 4747 Valle
Stillingsfunksjon
Annet, Konsulent, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
348149369
Sist endret
12. apr. 2024 06:48