Inaktiv

Sjukepleiar/vernepleiar/ sosionom

Arbeidsgiver
Tenesteområde Psykisk helse og rus, Haram kommune
Stillingstittel
Sjukepleiar/vernepleiar/ sosionom
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Psykisk helseteam søker etter dyktig og engasjert sjukepleiar/vernepleiar/sosionom med relevant vidareutdanning til 100 % fast stilling i Haram kommune frå 01.08.24. 

Tenesteområde psykisk helse og rus er eit tenesteområde som gir tilbod til personar som har eller er i ferd med å utvikle psykisk helse utfordringar og/eller utfordringar knytt til rus. Tenesta er ein del av kommunalområdet Livsløp som består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. Vi har no ledig ein fast 100 % stilling innan psykiske helseteam. Målgruppa for psykisk helseteam er personar over 18 år som har behov for oppfølging/behandling for lettare til moderate psykiske vanskar. 
 
Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein oppleve trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

Haram kommune er ei ambisiøs kommune med fokus på å gje gode heilskaplege tenester. Vi skal derfor jobbe for å spele kvarandre gode og arbeide fleksibelt på tvers av tenester. Tenesteområdet psykisk helse og rus vil som andre tenesteområder vere under utvikling og som tilsett vil ein få vere med å å bygge ei framtidsretta og god teneste for innbyggarane.



Arbeidsoppgåver

  • Behandling av lette til moderate vanskar knytt til psykisk helse
  • Samtale på kontor, og evt. heime med brukar
  • Evt. delta i anna førebyggande arbeid
  • Koordinering av tenester, planarbeid
  • Samarbeid med andre instansar og evt. pårørande
  • Kollegaveiledning
  • Dokumentasjon i journalsystem
  • Evt. andre relevante oppgåver

Kvalifikasjonar

  • Treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag
  • Ønskeleg med relevant vidareutdanning innan kognitiv terapi/ psykisk helse
  • Erfaring frå liknande arbeid er ein fordel
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Kjennskap til aktuelt lovverk
  • Må vere personleg eigna
  • Førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

  • Like å arbeide sjølvstendig og i team
  • Kunne arbeide strukturert og målretta
  • Er tolmodig, fleksibel og endringsorientert
  • Oppteken av fagutvikling og å møte andre med respekt
  • Gode samarbeidsevner

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
  • Eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg fokus
  • Fleksitidsordning
  • KLP
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4792954350

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
348140548
Sist endret
12. apr. 2024 06:34