Inaktiv

Ferie/tilkallingsvikarar

Arbeidsgiver
Avdeling Dalebu, Haram kommune
Stillingstittel
Ferie/tilkallingsvikarar
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Er du student, pensjonist eller berre ønsker eit ekstra oppdrag? Vi søker etter engasjerte og motiverte ferievikarer for sommaren 2024, evt. tilkallingsvikarar til Dalebu.  Dalebu samlokaliserte bustader er eit døgnbemanna bu- og omsorgstilbod i Brattvåg. Det er eit tilbod for personar med utfordringar innan psykisk helse og rus. Det er 11 bueiningar knytt til Dalebu, samt at ein også gir tenester til andre busett i omliggande områder. Målsettinga er å bidra til at personar i målgruppa opplever mestring i eige liv, utifrå sine føresetnader. 

Kommunalområde Livsløp består av fleire tenester som gir ulike tilbod til innbyggarane i kommunen: koordinering og tildeling, helsestasjon, ressurbasen, barnevern, pedagogisk fagsenter, integrering, NAV, samt psykisk helse og rus. Vi har ansvar for brukarar i alle aldrar, med mange ulike behov. For oss er det viktig å gi gode målretta tenester, slik at den einskilde mottek den hjelpa ein treng til rett tid og på rett nivå i tenestetilbodet vårt. 
 
Vår viktigaste ressurs er våre tilsette og vi ynskjer å vere ein arbeidsplass der ein oppleve trivsel, utvikling og  meistrar oppgåvene ein er sett til å gjere. Vi veit at framtida vil krevje nye arbeidsformer i kommunalområdet, noko vi arbeider aktivt med å sette oss i stand til å møte på ein god måte.

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.



Arbeidsoppgåver

Brukargruppa er variert i alder og oppgåvene vil variere ut frå behov, t.d:

  • Støtte og rettleiing i daglegdagse gjeremål
  • Støtte og rettleiing i utvikling av sosiale ferdigheter
  • Bidra til å sikre ein trygg kvardag med meiningsfylte aktivitetar
  • Samhandling med andre ved behov

Kvalifikasjonar

  • Ingen krav om formell kompetanse, men ønskeleg med helse eller sosialfagleg bakgrunn
  • Gjerne erfaring frå liknande arbeid
  • Må vere over 18 år og ha førarkort
  • Gyldig politiattest
  • Nødvendig opplæring vil bli gitt

Personlege eigenskapar

  • Stabil og motivert
  • Fleksibel og løysingsorientert
  • Tolmodig og omsorgsfull

Vi tilbyr

  • Spanande og givande arbeidsoppgåver
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4794283889

Stillingsprosent: 0%

Sommarjobb

Startdato: 17.06.2024

Sluttdato: 31.08.2024

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut
FINN-kode
348140545
Sist endret
12. apr. 2024 06:36