Barnevernpedagog/sosionom

Arbeidsgiver
Tenesteområde Psykisk helse og rus, Haram kommune
Stillingstittel
Barnevernpedagog/sosionom
Frist
03.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ressursbasen i Haram søker engasjert og fleksibel barnevernpedagog/ sosionom til 100 % fast stilling frå 01.08.24.

Ressursbasen er ei teneste i kommunalområde Livsløp. Ressursbasen er ei tverrfagleg samansett teneste der hovudoppgåvene er foreldrerettleiing, familieterapi og oppfølging av barn og unge i høve psykiske helseutfordringar. Vi jobber fleksibelt og saman med familien finn vi eigna tilbod med utgangspunkt i dei utfordringane ein står i. Ofte hjelper vi barna gjennom deira viktige vaksne. Målgruppa vår er barn og unge 0-18 år, samt familiane deira. Vi jobbar ut frå ein generalistmodell der ein må kunne gje tilbod til ulike aldersgrupper og ulike problemstillingar. 

Haram kommune er ei ambisiøs kommune og vi har særleg fokus på å spele kvarandre gode og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarane. Ressursbasen vil som dei andre tenestene i kommunalområde vere under utvikling. Som tilsett vil du derfor få vere med på å utvikle ei framtidsretta og moderne teneste for innbyggarane. Høyres dette interessant ut? Ønsker du ei stilling med stort handlingsrom og fleksibilitet og med tett tverrfagleg samarbeid med dyktige kollegaer ? Da vil  Ressursbasen gjerne ha deg med på laget. 



Arbeidsoppgåver

  • Rettleiing/samtaletilbod til foreldre
  • Familiesamtalar
  • Samtalar barn/ungdom
  • Samarbeid med andre instansar
  • Kartlegging, rettleiing og behandling av lette til moderate psykiske vanskar
  • Helsefremmande og førebyggande arbeid
  • Gruppetilbod
  • Dokumentasjon i journalsystem

Kvalifikasjonar

  • Bachelor
  • Relevant vidareutdanning 
  • Erfaring frå liknande arbeid er ønskeleg
  • Gyldig politiattest og førarkort
  • God munnleg og skriftleg famstillingsevne
  • God samarbeidsevne

Personlege eigenskapar

  • Positiv, fleksibel og endringsvillig
  • Evne til å jobbe sjølvstendig og i team
  • Strukturert og målretta
  • Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt

Vi tilbyr

  • Utfordrande arbeidsoppgåver i ei teneste i utvikling
  • Gode muligheter til å påverke tenesteutviklinga
  • Godt tverrfagleg arbeidsmiljø
  • KLP
  • Fleksitid
  • Løn etter avtale

Kontaktinformasjon

Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4793027026

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 03.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Barnevernspedagog, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
348140531
Sist endret
12. apr. 2024 06:35