Avdelingsingeniør - Byggforvalter

Arbeidsgiver
Tenesteområde Eigedom, Haram kommune
Stillingstittel
Byggforvalter
Frist
01.07.2024

Beskrivelse

Haram kommune er på jakt etter ein dyktig avdelingsingeniør - byggforvalter som vil ha eit dedikert fokus på å forvalte, drive, vedlikehalde og utvikle vår mangfoldige eigedomsmasse. Innanfor ditt fagfelt vil du saman med oss vere viktig på vegen vidare med å forme vår levande og velfungerande kommune.

I hjarta av vår noverande verksemd finn du ein verdifull eigedomsmasse på heile 75,000 m2, som inkluderer skular, barnehagar, sjukeheimar, kulturbygg og bustader. Haram kommune er forplikta til å oppretthalde og vidareutvikle desse verdifulle ressursane.

Som Byggforvaltar vil du spele ei sentral rolle i å implementere prinsippet om verdibevarande vedlikehald og sikre at våre bygningar held dei høgaste standardane for kvalitet og funksjonalitet.

Vår oppgåve er å sikre optimale arbeids- og bruksforhold i velstelte og tiltalande bygningar, og difor søkjer vi ein engasjert og erfaren Byggforvaltar som kan handtere utfordringane knytte til både eldre og nye byggeprosjekt.

I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.

Er du klar for å vere med på starten av noko stort? Søk no og bli ein sentral aktør i utviklinga av Haram kommune!



Arbeidsoppgåver

  • Utarbeide vedlikehaldsplanar, samt planlegging, bestilling og oppfølging av drift, vedlikehald og rehabilitering av ei gruppe eigedomar
  • Kontakt med brukar/leigetakar for oppfølging av behov knytt til ønske om utvikling og tilpassing av eigedomane
  • Oppfølging av myndigheitskrav
  • Budsjettansvar for si gruppe eigedomar
  • Andre oppgåver som faller innunder avdelinga sine ansvarsområder

Kvalifikasjonar

Vi søker primært etter nokon med byggingeniør utdannelse på nivå med bachelor eller 2-årig fagskule, og gjerne med nokre års erfaring. Relevant bakgrunn/erfaring kan kompensere for utdanning.

Du har:

  • God evne til munnleg og skriftlig framstilling
  • Kunnskap om innkjøp i offentleg sektor er ønskelig, men ikkje eit krav
  • God kunnskap om, og interesse for, digitale verktøy vil telle positivt
  • Har førarkort klasse B

Personlege eigenskapar

Du er:

  • Analytisk og løysingsorientert
  • God til å samarbeide og å motivere andre
  • Initiativtakar og pådrivar
  • Engasjert i arbeidsoppgåvene og brukarane, og omtanke for sine kollegaer
  • Resultatorientert, effektiv og nøyaktig
  • Stor arbeidskapasitet og takler eit høgt tempo i periodar

    Personlege eigenskapar vert vektlagt

Vi tilbyr

  • Ein jobb med meining - dei samfunnsnyttige oppgåvene, utfordringane og resultata motiverer og gjer tilsette stolte av å jobbe med FDVU i Haram
  • Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg, innovativt og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
  • Løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, kommunal pensjonsordning, IA-bedrift, fleksibel arbeidstidsordning

Kontaktinformasjon

Jan Kristian Skåravik, Tenesteleiar, +47 41460386, jan.kristian.skaravik@haram.kommune.no

Arbeidssted

Strandgata 40

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune



Referansenr.: 4794344267

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 17.05.2024


Sted
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Ingeniør, Prosjektledelse, Ingeniør / Bygge- og anleggsteknikk
FINN-kode
348094939
Sist endret
14. mai 2024 09:13