Kulturskulelærar i dans - 15% fast stilling

Arbeidsgiver
Kultur, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Kulturskulelærar i dans - 15% fast stilling
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 15 % fast stilling som kulturskulelærar innan dans (hiphop-stil) ved Sykkylven kulturskule frå 01.08.2024.

Vi søkjer ein dyktig og engasjert lærar som ynskjer å delta i utviklinga av eit godt lærings- og utviklingsmiljø.

Sykkylven kulturskule held til i nye lokale i eigen avdeling i Nye Aure barneskule i Sykkylven sentrum. Her er administrasjon, undervisingsrom og arbeidsplassar for lærarane samlokalisert. Danseundervisninga er lagt til dansesal ved Sykkylven kulturhus.

Skulen har i dag 3,5 årsverk fordelt på 12 tilsette og har inneverande skuleår 220 elevar. Kulturskulen er inne i ein spanande utviklingsfase og fagtilbodet er under utvikling. Den nye rammeplanen for Kulturskulen vert lagt til grunn for dette arbeidet.



Arbeidsoppgåver

Undervisning på ettermiddag/kveld.

Kvalifikasjonar

  • Det er ynskjeleg med minimum bachelorutdanning innan dans med kunnskap om danseforma HipHop
  • Andre med relevant utdanning/praksis kan bli vurdert til stillinga
  • Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdannning eller tilsvarande pedagogisk utdanning og relevant praksis
  • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. opplæringslova § 10-9

Personlege eigenskapar

  • Interesse for å arbeide med barn og unge
  • Gode pedagogiske evne

Personlege eigenskapar vert vektlagt.

Vi tilbyr

  • Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver ved ein skule i utvikling
  • Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff
  • Obligatorisk tenestepensjonsordning
  • Gode forsikringsvilkår og låneordningar
  • Gratis parkering

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Åge Frøystad, Kulturskulerektor, 40471441, a

Halstein Kurseth, Kultursjef, 41605528, halstein.kurseth@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Kyrkjevegen 2

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4797703852

Stillingsprosent: 15%

Fast

Startdato: 01.08.2024

Søknadsfrist: 05.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kyrkjevegen 2, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
348070364
Sist endret
26. apr. 2024 07:36