Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Heimetenesta, Eggesbøtun
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Ynskjer du å vere med og yte god omsorg til pasientane våre? Vi har ledig ei fast, 100 prosents stilling som sjukepleiar i pleie- og omsorgsavdelinga. Du vil arbeide både ved omsorgsbustadane på Eggesbøtun og i heimar rundt om i ytre Herøy.

Stillinga er ledig frå 15.04.2024. Arbeidstida er turnusarbeid på dag og kveld, med arbeid to av seks helger.

Stillinga er delt slik:

  • 60 prosent av arbeidet vert utført ved omsorgsbustadane
  • 15 prosent er lagt til vakter i heimetenesta ute i distriktet
  • 25 prosent er knytt til bemanningsteam med arbeid ved moderavdeling og heimeteneste

Tilsette ved Eggesbøtun har døgnkontinuerleg turnus knytt til Eggesbøtun og eit tett samarbeid med heimetenesta ute.

Eggesbøtun har 15 omsorgsbustadar med heildøgnsbemanning og 16 bustadar med delvis bemanning. Nokre av bustadane er knytte til rulleringsopphald, korttidsopphald og avlastning.

Seksjonen har ein fagkoordinator med AKS-utdanning  (Avansert klinisk sjukepleieutdanning) som er fagleg leiar. Kompetanse, fag og utvikling står i fokus.

Sentrale utviklingsstrategiar er knytte mot Tørn-prosjektet, som dreier seg om oppgåvedeling, rett kompetanse, smart bruk av ressursar og kompetanseauke i personalgruppa.



Arbeidsoppgåver

  • sjukepleiefaglege oppgåver
  • rettleiingsoppgåver
  • tverrfagleg samarbeid
  • kartleggingsoppgåver
  • sikre gode pasientforløp

Kvalifikasjonar

  • bacherlorutdanning som sjukepleiar
  • erfaring frå arbeid i heimetenesta kan vere ein fordel
  • kan bruke IKT som arbeidsverktøy, erfaring med Gerica er ein fordel
  • god munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • må ha førarkort klasse B

Kommunen har nynorsk som administrasjonsmål.

Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.

Personlege eigenskapar

  • likar faglege utfordringar
  • kan samarbeide godt i team
  • har fokus på heilskapleg pasientforløp
  • er strukturert, sjølvstendig og er god til å prioritere arbeidsoppgåver 
  • er løysingsorientert og fleksibel

Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar, i tillegg til kunnskap og erfaring.

Vi tilbyr

  • løn etter gjeldande tariffavtale
  • gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • fagdag i turnus kvar 6. veke
  • BAT (bevegeleg arbeidstid) som gir personalet større fleksibilitet i turnus
  • godt arbeidsmiljø med fokus på fagkompetanse
  • IA- bedrift

Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement.

Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Søkarlista kan verte offentleggjort.  

Kontaktinformasjon

Elsebe Rindalsholt, Seksjonsleiar, +47 99210059

Arbeidsstad

Sjukeheimsvegen 5

6092 Fosnavåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Herøy kommune



Referansenr.: 4790486454

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 25.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Sjukeheimsvegen 5, 6092 Fosnavåg
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
348055053
Sist endret
12. apr. 2024 06:17