Helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Helsefagarbeidar helg
Frist
05.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Ved bueining for funskjonshemma, i Elvavegen på Dale, ynskjer vi oss fleire dyktige kollegaer. Vi søkjer tilsette som er fagleg trygg og arbeidar godt sjølvstendig. Hjå oss er vi opne for kreativitet og engasjement for å saman finna dei gode løysingane i arbeidskvardagen. Vi treng å styrkja arbeidsstaben vår og har to ledige stillingar som helsefagarbeidar i 21%, med arbeid kvar fjerde helg.


Arbeidsoppgåver
  • Sikre at tenestemottakar får kvalitativt gode tenester i tråd med gjeldande lovverk, vedtak og retningslinjer 
  • Gje god omsorg og hjelp til daglege gjeremål i heimen
  • Medisinhandsaming utfrå kompetansenivå
  • Kontakt og samarbeid med pårørande  
  • Dokumentere i fagprogram
  • Andre delegerte oppgåver frå leiar 

Krav til kompetanse
  • Helsefagarbeidar, eller anna relevant fagbrev
  • Søkjarar utan formell kompetanse kan òg verte vurdert. Skriv gjerne i søknad om du samlar timar og har ambisjon om å ta fagbrev
  • Relevant erfaring frå liknande arbeid vil vere ein fordel
  • Krav om godkjend politiattest  
  • Førarkort 

Vi oppmodar fast tilsette som ynskjer stillingsauke om å søkje. 


Personlege eigenskapar
  • Du er ein person som evnar å gjere tenesta, tilsette og brukarar gode
  • Du likar å arbeide sjølvstendig og å tek ansvar  
  • Er pålitelig og stabil  
  • Er god på kommunikasjon og evnar å samarbeid tverrfagleg
  • Er løysingsorientert, med god gjennomføringsevne  

Vaksdal kommune kan tilby
  • Vi har godt arbeidsmiljø, dyktige folk i tenesta og gode ordningar for vidareutdanning og kompetanseheving 
  • Vi gjev uteljing på lønn for relevant vidareutdanning 
  • Hos oss får du faglege og personlege utfordringar, og du får moglegheit til å utvikle deg saman med oss 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Individuell oppfølging 
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk 

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Elvevegen 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
348054621
Sist endret
12. apr. 2024 06:14