Overlege i kardiologi

Arbeidsgiver
Hjerte- og lungeavdeling Haugesund, Helse Fonna HF
Stillingstittel
Overlege
Frist
15.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vil du bli vår nye overlege innan kardiologi? Vi har ledig stilling frå 1. september 2024. Ansettelsestidspunkt kan endrast etter avtale. 

Fagområdet kardiologi er organisert under Hjarte- og lungeavdelinga som igjen er ein del av medisinsk klinikk. Det er pr i dag 15 sengeplassar som er regna under fagområdet kardiologi, derav 6 sengeplasser regna til medisinsk intermediær overvaking (MIO). Totalt sett dekker avdelinga det aller meste av fagfelta innan hjartesjukdomar unntatt invasiv kardiologi og andre spesialiserte undersøkingar. Eininga har ansvar for innlegging av pacemaker i Helse-Fonna.

Det er stor aktivitet ved Hjarte poliklinikken som har ansvar for utreiing og oppfølging av pasientar med hjartesjukdomar i regionen. Det er etablert hastepoliklinikk for å gje raskare forløp for pasientar med mistanke om koronarsjukdom. Det er eit godt fagleg miljø innanfor fagområdet kardiologi. Det er totalt 6 overlegestillingar i tilhøyrande Hjarteseksjonen. Det er tett samarbeid med spesialsjukepleiarar innan kardiologi og intensiv. Deltaking i felles indremedisinsk vaktlag vil vera del av stillinga.



Arbeidsoppgåver

  • Dagteneste ved hjartepoliklinikk og hjartepost. 
  • Vaktarbeid inkludert dagteneste på MIO.
  • Overlegane går pr i dag 12-delt vakt i felles indremedisinsk vaktlag.
  • Samarbeid på tvers av avdelingar og tverrfaglege yrkesgrupper.

Kvalifikasjonar

  • Vi søkjer ein lege som er godkjend spesialist i kardiologi eller under utdanning i denne spesialiteten. 
  • Gode kunnskaper i generell indremedisin er nødvendig for å kunne delta i vakttjeneste. 
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Personlege eigenskaper vil bli vektlagd.

    Personlege eigenskapar

    Hos oss er det viktig at du:

    • engasjerer deg for fagfeltet og ønskjer å vidareutvikle kompetansen din.
    • har god fagleg vurderingsevne, arbeidar målretta og strukturert.
    • kommuniserer og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer.

    Vi tilbyr

    • Eit høgt fagleg nivå med rom for ytterlegare kompetanseutvikling.
    • Ein aktiv avdeling med spanande og utfordrande oppgåver.
    • Eit godt arbeidsmiljø.
    • Å legge til rette for forskning og utvikling.
    • Organisert internundervisning i hjartesjukdommar og i indremedisin.
    • Arbeids- og lønnsvilkår etter lokal overeinskomst og individuell avtale. 

    Andre opplysningar

    • Reiseaktivitet: Ingen reiseverksemd til andre sjukehus er påkrevd.
    • Vi vil kunne bistå med å finne bolig i ein overgansperiode på 6 mnd.

    Mangfaldserklæring
    Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

    Kontaktinformasjon

    Eva Karin Schmidt, Avdelingsleiar, +47 45223879, eva.karin.schmidt@helse-fonna.no

    Arbeidsstad

    Karmsundgata 120

    5528 HAUGESUND

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Helse Fonna HF



    Referansenr.: 4793616035

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 15.05.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
    Stillingsfunksjon
    Helsepersonell, Sykepleier, Ledelse
    FINN-kode
    348044023
    Sist endret
    12. apr. 2024 06:00