Inaktiv

Vil du jobba som journalist i sommar?

Arbeidsgiver
Bladet Tysnes AS
Stillingstittel
Journalist
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Om sommaren florerer folkelivet i Tysnes kommune. Tysnes er sommarkommune nummer 1, og hyttegjestar og andre ferierande sørger for meir enn dobling av innbyggjartalet. Det store høgdepunktet er Tysnesfest, festivalen som samlar tusenvis av menneske og dei største artistane i landet til folkefest midt i juli.


Alt dette skal Bladet Tysnes vera til stades på, og vidareformidla til alle med hjarta for Tysnes. Me skal ikkje berre vera med på alle sommaropplevingane, me skal og dokumentera dei for alle framtid, og skildra dei vidare for våre lesarar.


Me søker dermed etter sommarvikarar til det me meiner er den beste sommarjobben i verda.


Me ser etter deg som:


  • har godt humør og entusiasme.
  • er glad i å skriva og ta bilete.
  • kan jobba både sjølvstendig og i lag med gode kollegaer.
  • ynskjer å spegla ulike sider av Tysnes-samfunnet.
  • trivst med å kasta deg ut i nye utfordringar.

Hos oss blir du ein viktig del av avisredaksjonen, og ein del av eit tett og godt arbeidsmiljø. Du får:


  • ein variert og spennande arbeidsdag.
  • stor tillit og mykje ansvar.
  • sjansen til å jobba med eigne idear og saker.
  • høve til å utvikla dine journalistiske eigenskapar.
  • moglegheiter for framtidig frilansarbeid.

Bakgrunn frå journalistisk arbeid er ein fordel, men du kjem langt med stor entusiasme, pågangsmot og lærevilje. Ei grunnleggjande forståing av korleis det journalistiske arbeidet fungerer er likevel naudsynt.


Du bør ha førarkort og disponera eigen bil. Det må påreknast arbeid både på kveldstid og i helger.


Søknad kan sendast til redaktør og dagleg leiar Øyvind Bjerkestrand, e-post: oyvind@tysnesbladet.no


Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga.

Sektor
Privat
Stillingsfunksjon
Annet, Produksjon, Journalist
FINN-kode
348036663
Sist endret
11. apr. 2024 12:52