Barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage og skule

Arbeidsgiver
Vaksdal kommune
Stillingstittel
Barne- og ungdomsarbeidarar i barnehage og skule
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Vil du jobba hos oss ?

Det er ledige stillingar for barne- og ungdomsarbeidarar i skule og barnehage til hausten.

Vaksdal kommune har barnehage og barneskule på Stanghelle og på Vaksdal. På Dale har vi barnehage og 1-10 skule. På Stamnes og i Eksingedalen har vi oppveksttun.

Vi set oss tydelege mål for å skape ein trygg og god kvardag for alle born. Vi har tru på fellessatsingar og samarbeid på tvers av barnehage, skule og sfo. Jobber du hos oss blir du med i team av kompetente og engasjerte vaksne som brenn for ein god oppvekst.

Vi ser etter deg som med jobbglede og pågangsmot bidreg til at våre barn opplever meistring og tilhøyre.


Kvalifikasjonar
  • Godkjend utdanning som barne- og ungdomsarbeidar
  • Søkjarar med anna relevant kompetanse/erfaring og ynskja personlege eigenskapar kan ved behov bli vurdert

Personlege eigenskapar
  • Du er ein stabil, påliteleg, open og ærleg person
  • Du liker å vere i aktivitet saman med barn
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er ein trygg, raus og tydeleg vaksenperson i møte med barna
  • Du er sjølvstendig i tilrettelegginga for enkelbarn som treng deg for å gjere seg nytte av tilbodet i barnehage og skule
  • Det er viktig for oss at våre tilsette er på arbeid for barna si skuld, men òg er god til å samarbeide med kollegaer
  • Du er strukturert og interessert i å bidra til eit godt arbeidsmiljø. Du må ta del i utviklingsarbeidet og halde deg fagleg oppdatert
  • Du kan vise til erfaringar der du fremjar samarbeid og utøver positiv kollegastøtte
  • Søkjar må gjennom kunnskap, erfaring og personlege eigenskapar kunne samarbeide med og skapa tillit og dialog med personale, barn og foreldre. Vi oppmodar menn til å søkja.
  • Godkjent politiattest må leggjast fram ved tilsetjing.

Vaksdal kommune kan tilby
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Kompetente og engasjerte kollegaer
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Individuell oppfølging
  • Moglegheiter for støtte til etter- og vidareutdanning
  • Løn i tråd med tariffavtaleverk

Sektor
Offentlig
Antall stillinger
3
Sted
Konsul Jebsensgate 16, 5722 Dalekvam
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehageassistent, Annet
FINN-kode
348025460
Sist endret
15. apr. 2024 02:16