Administrasjonssekretær ved Høyanger kyrkjekontor

Arbeidsgiver
Høyanger Kyrkjelege Fellesråd
Stillingstittel
Administrasjonssekretær
Frist
10.05.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Administrasjonssekretær


Høyanger kyrkjekontor har ledig ei fast inntil 60% stilling som administrasjonssekretær frå 1.8.2024. Kontoret er i Høyanger samfunnshus i nye og gode lokale. Her jobbar administrasjonssekretæren saman med kyrkjeverja, for at alle som treng våre tenester får hjelp og sørvis. Ein jobb for deg som likar å samarbeide, å ha publikumskontakt og let deg inspirere av engasjerte medarbeidarar. Dine kollegaer i arbeidet vil være kyrkjeverje, prest, diakon, kantor, kyrkjelydsarbeidar og kyrkjetenarar, samt medlemer i råd og utval.


Arbeidsoppgåver :


Administrasjonssekretæren utfører kontor- og administrasjonsoppgåver som td. informasjonsarbeid og publikumskontakt, ansvar for drift og oppdatering av HKF si nettside og sosiale media, posthandsaming og arkiv. Ho/han vil få ansvar innafor rekneskap og offentleg administrasjon av gravplassane. Administrasjonssekretæren får og ansvar for å avløyse kyrkjeverja i ferier, og elles ved behov. Administrasjonssekretæren må kunne arbeide sjølvstendig.


Kvalifikasjonskrav:


Vi leitar etter ein ryddig, positiv og nøyaktig medarbeidar, med utdanning som sekretær eller annan administrativ kompetanse, og med erfaring frå administrativt arbeid. Svært god datakompetanse er nødvendig og erfaring med rekneskap er ynskjeleg. I tillegg til formelle kvalifikasjonar vert det lagt vekt på gode kommunikasjons- og samarbeidsevner . Den som vert tilsett må beherske norsk skriftleg og munnleg, og vere lojal mot Den norske kyrkja.


Vi tilbyr:


· Eit godt arbeidsmiljø i fine lokale, moderne kontorutstyr og ein digitalisert kvardag


· Opplæring i naudsynte datasystem.


· Fellesrådet har forsikrings- og pensjonsordning i KLP


Løn: Stillinga vert løna etter kyrkjeleg tariffavtale med stillingskode 5151 Sekretær.


Anna: Administrasjonssekretæren må vere fleksibel slik at kontoret kan ha ei egna opningstid -- i utgangspunktet er det å jobbe 3 dagar i veka.Det er utarbeidd instruks for stillinga.Prøvetida er 6 månader.


For meir informasjon:


Kontakt kyrkjeverje Stig Jonny Fitje 91763803 eller administrasjonssekretær Ali Kharrat 40458649


Søknad med referansar og attestar og vitnemål sendast til post.hoyanger@kyrkja.no

Søknadsfrist: 10.05.2024

Sektor
Privat
Sted
Marcus Thranesgate 3, 6993 Høyanger
Stillingsfunksjon
Kontor og administrasjon, Konsulent, Annet
FINN-kode
348025114
Sist endret
11. apr. 2024 12:18