Inaktiv

Matvert/kjøkkenassistent

Arbeidsgiver
Produksjonskjøkken Førde, Helse Førde
Stillingstittel
Matvert/kjøkkenassistent
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Matforsyning på Førde sentralsjukehus har ledig to vikariat som matvert/kjøkkenassistent i 80% stilling frå 06.05.-05.11.24, med moglegheit for forlengning.

Matforsyning i Helse Førde har arbeidsstader på Førde sentralsjukehus, Lærdal sjukehus, Nordfjord sjukehus, Indre Sogn psykiatrisenter. 

Vi serverer mat til pasientane frå pasientkafear, kantiner og besøkskafear. Førde har produksjonskjøkken og leverer mat til dei andre sjukehusa og institusjonane i Helse Førde. Matforsyning har moderne kjøkken og trivelege arbeidsplassar på alle lokasjonane sine.

Plassering: Ved Matforsyning FSS sine serveringsstadar.



Arbeidsoppgåver

  • Tilsett i Matforsyning skal delta i alle planlagte og rutinemessige arbeidsoppgåver innanfor seksjon kjøkken sitt totale drifts - og fagområde. 
    Det er mottakskjøkken i sengeavdelingane, kantine, kafe og produksjonskjøkken/varemottak.
  • Tilsett må kunne tileigne seg nødvendig datakunnskap, være fleksibel og ha godt arbeidsmot i eit hektisk og trivelig arbeidsmiljø.
  • Tilsett vil ha medansvar på det arbeidsområde vedkommande arbeider i lag med næraste leiar.
  • Arbeid i turnus - arbeid kvar 3. helg. 

Kvalifikasjonar

  • Erfaring frå institusjon, kafe, hotell/restaurant og kundebehandling.
  • IT-kompetanse, men opplæring vil bli gitt.
  • Søkjar må beherske godt norsk, både skriftlig og munnleg.

Personlege eigenskapar

  • Må være på tilbodssida og beherske kontakt med kollegaer, pasientar og helsepersonale.
  • Kunne skape tillit og hygge kring seg på arbeidsplassen.
  • I ein travel arbeidskvardag vil god fysikk være til god hjelp.

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst 
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Regelmessige personalmøte der m.a. arbeidsmiljø er eit viktig moment
  • Avdelinga prøver så ofte vi kan å få til sosiale samankomster

 

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Elin Haugen, Seksjonsleiar, +47 578 39 682

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4797986864

Stillingsprosent: 80%

Vikariat

Startdato: 06.05.2024

Sluttdato: 05.11.2024

Søknadsfrist: 25.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Mat og servering, Mat og servering / Kokk, Mat og servering / Kjøkken- og kantinemedarbeider
FINN-kode
348017708
Sist endret
15. apr. 2024 06:59