Inaktiv

Vert/omvisar Obrestad fyr

Arbeidsgiver
Hå kommune Hå gamle prestegard
Frist
25.04.2024
Ansettelsesform
Sommer/Sesong

Beskrivelse

Hå gamle prestegard har ledig ei 8 % stilling som vert og omvisar ved Obrestad fyr sommaren 2024.

Om stillinga
Me ser etter ein kulturinteressert, positiv og utadvendt medarbeidar som kan vera vert og omvisar på Obrestad fyr. Stillinga kan òg omfatta somme vakter ved Hå gamle prestegard. Her er du den første publikum møter og di rolle er difor sentral for ei god oppleving for dei besøkande.

Arbeidstid vil i hovudsak vera tilknytt sommarsesongen og nokre helger utover hausten. Vakter avtales ved tilsetting.

Moglegheit for ekstravakter og ferievikariering, særskilt mai – september.

Arbeidsoppgåver
- Kundebehandling – informasjon, sal av billettar
- Formidling av lokalhistorie og aktuelle utstillingar
- Omvising for besøksgrupper
- Sal frå utstillingar, kunstbutikk og bokhandel
- Opning og lukking av anlegga i henhold til stengerutiner
- Småpraktiske oppgåver knytt til utstillingane / resepsjon (til dømes skifte lyspærer, støvtørk og liknande)
- Sjå til at resepsjonsområdet / butikk er presentabelt og hyggeleg
- Hjelpe til i andre avdelingar ved behov

Me ønsker deg som
- Er engasjert, ansvarleg og samarbeidsorientert
- Har kunnskap og interesse for formidling av kunst og kultur
- Har utdanning innan kunst- eller kulturhistoriske fag og/eller erfaring med formidling innan desse områda
- Trivest i arbeid med menneske og liker høgt tempo
- Har gode språkkunnskap og god munnleg formuleringsevne på norsk og engelsk
- Er fleksibel og kan jobbe ekstra i helger, på kveldar og ferier
- Er serviceinnstilt
- Har basis datakunnskap

Personleg eignaheit vert vektlagt.

Om Hå gamle prestegard
Hå gamle prestegard er ein kunst og kulturinstitusjon i eit tradisjonsrikt og verna anlegg. Det er ein møtestad mellom samtid og lokalhistorie. Anlegget, som er eigd og drifta av Hå kommune, har utstillingar med norsk og internasjonal samtidskunst og eigenproduserte kulturhistoriske utstillingar, formidlingssal av kunst og kunsthandverk, samt ein populær kafé med fokus på lokale matvarer. Det blir arrangert konsertar, foredrag, litteratur- og temakveldar. Til drifta av anlegget ligg òg Obrestad fyr og kommunen sitt kulturvernarbeid, som ein integrert del av verksemda.

Attestar og vitnemål
Vi ber om at du lastar opp attestar og vitnemål, i PDF-format, saman med søknaden din. Utenlandske vitnemål må vera NOKUT-godkjende (hkdir.no) og utenlandske attestar oversatte til eit skandinavisk språk eller engelsk.

Tilsetjingsvilkår
Tilsetjinga skjer på dei vilkår og med dei plikter som framgår av utlysninga, og dei til einkvar tid gjeldande lovar, regler og tariffavtalar. Kommunen har gode pensjons- og forsikringsordningar med ulykkesforsikring i fritida. Kommunen har ei prøvetid på 6 månader og regler for flyttegodtgjersle.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Håvegen 347, 4365 Nærbø
Stillingsfunksjon
Annet, Kundeservice, Kontor og administrasjon
FINN-kode
348009384
Sist endret
11. apr. 2024 07:52