Inaktiv

Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde

Arbeidsgiver
Power Sunnfjord
Stillingstittel
Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde
Frist
22.04.2024

Beskrivelse

Har du salserfaring, og synes kjøkken er spennande?
Vi søkjer kjøkkenkonsulent/salsleiar til vårt Power-varehus i Førde

Som kjøkkenkonsulent i Power vil du vere ansvarleg for å realisere kjøkkendraumen til kundane våre. Du vil ha ansvar for heile salsprosessen, - frå første kontakt, til kjøkkenet er ferdig montert. Glade og fornøgde kundar er viktig for oss, så vi forventar at du legg lista høgt for service, og er svært strukturert.

Vi ønskjer fortrinnsvis at du har erfaring frå salg av kjøkken, men annan relevant salserfaring. kan også vere interessant. Du bør i tillegg ha eit godt blikk for estetikk, då du skal vere ansvarleg for at kjøkkenutstillingane våre held ein gjennomgåande høg standard.

Vi ønskjer at du:


  • Kan jobbe sjølvstendig, men likar å vere ein del av eit lag
  • Er god på å kommunisere med menneske og beherskar norsk godt, både muntleg og skriftleg
  • Set deg inn i kunden sitt behov og ønskjer
  • Trives bra med å jobbe i turnus
  • Er nøyaktig og strukturert
  • Blir motivert av salg, og strekker deg etter nye mål og resultat
  • Bidreg med energi, glede og motivasjon på arbeidsplassen
  • Er kreativ og oppteken av å finne gode løysingar

Kva får du igjen av POWER:


  • Konkurransedyktig lønn
  • Bedrift med tariffavtale
  • Gode personalkjøpsordningar
  • Attraktive karrieremoglegheiter
  • Verdfull erfaring i kundehandsaming
  • God opplæring og grundig oppfølging
  • Gode utviklingsmoglegheiter

POWER meiner at inkludering og mangfald er ein styrke, og vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, bakgrunn, erfaring og perspektiv for å vere god. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, funksjonsevne og kjønn.
Høyres dette ut som noko for deg? Då håpar vi du har lyst til å vere med på laget!

Søknadsfrist: mandag 22. april

Kontakt:
Varehussjef Hege Storevik Mobil: 480 04 800 Epost: hege.storevik@power.no

Velkommen til oss i Power!

Sektor
Privat
Sted
6800 Førde
Stillingsfunksjon
Butikkansatt, Salg, Salg / Produktsalg
FINN-kode
347944797
Sist endret
11. apr. 2024 04:01