Inaktiv

Sekretær

Arbeidsgiver
Avdeling for sjukehuspsykiatri, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sekretær
Frist
24.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Avdeling for sjukehuspsykiatri tilbyr nye og spanande utfordringar i eit dynamisk og godt fagmiljø i merkantil team.
Vi har to ledige stillingar. 100% fast stilling ved  Alderspsykiatrisk poliklinikk og 100% vikariat ved Utgreiing og Behandling. Ledig frå snarast. 

Avdeling for sjukehuspsykiatri er ei avdeling som er lokalisert ved Ålesund sjukehus.
Avdelinga består av 6 seksjonar: Lokal sikkerhetspsykiatri, Akutt psykisk helse team A, Akutt psykisk helse team B, Utgreiing og behandling, Alderspsykiatri og Spesialisert Habilitering. Vi er ei avdeling med ulike arbeidsfelt innan psykiatrien, der vi både har ein akuttfunksjon, og har planlagte behandlingsforløp.
Avdelinga går inn i en spanande omstillingsprosess med å få samla fagmiljøet og optimalisere pasienttilbodet i avdelinga. Du vil verte delaktig i denne prosessen og verte ein del i eit felles team, som skal bidra til å løyse og dele faglege utfordringar i felleskap til beste for heile avdelinga. 
Intern omrokkering kan også gje andre ledige stillingskombinasjonar.

Du kan søke lokasjon på følgande seksjon i oppstart:

  • Alderspsykiatri APS Sunnmøre er døgnpost og poliklinikk som er tverrfagleg samansett av legespesialistar, LIS-lege, psykologspesialist, fagkonsulentar, ergoterapeut, sjukepleiarar, vernepleiarar og merkantile ressursar. Hovedoppgåvene er utgreiing og behandling av demens med nevropsykiatriske symptom (inga nedre aldersgrense), og alvorlege psykiske lidingar hjå personar over 65 år heimehøyrande på Sunnmøre. Vi har eit nært samarbeid, både med psykiatriske og somatiske seksjonar i føretaket. 
  • Utgreing og Behandling er ein open akuttpost med 12 ordinære sengeplassar og 2 sengeplassar som
    vert disponert av akutt heimebehandlingsteam. Dei aller fleste pasientane er innlagt via øyeblikkeleg hjelp, og er overført internt frå lukka akuttseksjon. Vi har fokus på eit individuelt tilpassa behandlingsopplegg for kvar enkelt pasient. Seksjonen har eit nært samarbeid med andre seksjonar i føretaket og med fyrstelinetenesta.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.



Arbeidsoppgåver

  • Diverse arbeid i ulike datasystem som for eksempel: Helse Platfotrmen, Doculive, Elements, SAP, Klinisk arbeidsflate og ajourhold RS 
  • Ekspedering i skranke og telefon/sentralbord 
  • Registrering (vedtak innen psykisk helsevern, Vedtak kap 9 HOL. diagnoser m.m.) 
  • Førebu dokumentasjon til klagesaker 
  • Scanning av oppholdsmapper. 
  • Innleie av personell/registring av fravær
  • Lønskøyring  

Kvalifikasjonar

  • Gode norskkunnskaper både munnleg og skriftleg
  • Helsesekretær eller sekretær
  • Erfaring fra helsefagleg ekspedisjonsarbeid, eller arbeid som sekretær
  • Gode datakunnskaper
  • Kjennskap til Helseforetakets ulike system er ein fordel  

Personlege eigenskapar

  • God samarbeidsevne 
  • Serviceinnstilt, høflig og imøtekomande over for kollegaer, pasientar og andre besøkande
  • Evne til å arbeide sjølvstendig 
  • Løsningsorientert og fleksibel
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her

Kontaktinformasjon

Pamela Riise Loe, Seksjonsleiar, Alderpsykiatri Sunnmøre, 70167400, pamela.riise.loe@helse-mr.no

Siri Johnsen, Seksjonsleiar, Utgreiing og behandling, 70106510, Siri.Charlotte.Johnsen@helse-mr.no

Arbeidsstad

Ålesund sykehus

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4788552992

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Ålesund sykehus, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Kontor og administrasjon
FINN-kode
347905980
Sist endret
10. apr. 2024 12:20