Inaktiv

Barnehagelærer

Arbeidsgiver
Markå barnehage, Klepp kommune
Stillingstittel
Barnehagelærer
Frist
24.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Markå barnehage har ledig 100 % fast stilling som pedagogisk leiar.
Oppstart uke 31 eller etter avtale.

Vi søkjer deg som er leiken og som er opptatt av den gode relasjonen til barna, og vil jobbe for eit trygt og godt barnehagemiljø!

Markå barnehage held i dag til i lokala til tidlegare Tu barnehage i påvente av ny barnehage på Klepp. Du får nå en unik moglegheit for å være med på ei spennande reise med oppbygging av ny barnehage. August 2025 skal den nye barnehagen være ferdigstilt. Dette blir en tre avdelings barnehage slik som vi er i dag. Samen vil vi jobbe for å skape en barnehage som er et sted for omsorg, lek, vekst, utvikling, læring, vennskap, glede og gode opplevingar.


Pedagogisk leiar er ein del av barnehagen sitt leiarteam, som er ansvarleg for barnehagen sin heilskap og skal delta aktivt i utviklinga av organisasjonen. Vi er ein Marte Meo sertifisert barnehage, vi jobbar aktivt med å sjå og møte barna med undring og respekt for den dei er på en autoritativ måte.


Pedagogisk leiar har det fagleg-pedagogiske ansvaret for avdelinga han/ho er knytt til, og skal bidra til at barnehagen samla driv som ei godt tilrettelagt pedagogisk verksemd, i tråd med barnehagelova sitt formål, og rammeplan for barnehagar. Pedagogisk leiar har ansvar, saman med styrar, for det psykososiale miljøet på avdelinga, og skal arbeida for at både barn, foreldre og medarbeidarar har ein god kvardag i barnehagen.  


Her hos oss er arbeidsmiljøet preget av en herleg dose humor og omsorg. Vi trur på å styrke kvarandre gjennom vennlegheit, rausheit og gjensidig støtte. Du vil oppleve et fellesskap der vi heier på kvarandre og alltid strekker ut en hjelpande hand når nokon treng det. Latteren er smittsam, omsorga er ekte, og samarbeidet er nøkkelen til vår felles suksess. Vil du være en del av et team der vi verkeleg bryr oss om kvarandre og gjær kvardagen både givande og morosam, søk da vel.

 

Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver

  • Leia og organisere det pedagogiske arbeidet i iht enkeltbarn og barnegruppa i tråd med barnehagelova sitt formål og rammeplan
  • Samarbeida godt med andre, dela kunnskap, erfaringar og informasjon. Støtta og utfordra andre for å nå teamet sitt mål
  • Kommunisere på ein klar, presis og strukturert måte
  • Vere ein autoritativ leiar. Skapa ei god atmosfære, støtta, utfordra og oppmuntra teamet
  • Ansvar for målsetting og resultat, og sjå ei heilhetleg utvikling av det faglege miljøet i barnehagen
  • Sensitivitet overfor enkeltbarn og barnegruppa
  • Rettleiing av tilsette og foreldre
  • Samarbeide med PPT, barnevern, helsestasjon og andre instansar som er involvert i arbeidet med barna

Kvalifikasjonar

Kvalifikasjonar

  • Godkjend barnehagelærarutdanning- eller førskulelærarutdanning. Vi oppfordrar deg med anna relevant utdanning å søkja på stillinga
  • For søkarar med relevant utdanning frå andre land enn Norge krev det godkjenning for utdanninga frå utdanningsdirektoratet (NOKUT)
  • Søkarar må tilfredsstilla krav som kjem fram i barnehagelova kapittel VI -personal
  • Godkjend politiattest jf. Barnehagelova § 30 må føreligge før tiltredelse
  • Dersom du har eit anna morsmål enn norsk, må du kunna dokumentera at du har språknivå tilsvarande B1. Dette gjeld ikkje søkjarar med skandinavisk språk som morsmål (jmf. Barnehagelova § 18 a)
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Personlege eigenskapar

Personlege eigenskapar

  • Du har interesse for og ønske om å arbeide for barns beste
  • Du har blikk for barns leik og er aktiv saman med barna i leik både inne og ute
  • Du er positiv, og vil vere med på å skapa/oppretthalde eit godt arbeidsmiljø
  • Du er engasjert, løysingsorientert, målbevisst og framtidsretta
  • Du er god til å arbeide både sjølvstendig og i team
  • Du har et bevisst forhold til eigen leiarrolle og kan bidra aktivt i barnehagen sitt leder team
  • Du ser på barn og føresette med respekt, viser omsorg, glede og er fleksibel
  • Du er raus og villig til å sjå ulike perspektiv
  • Du har evne til å motivere kollegaer
  • Du har fokus på nærvær

Vi tilbyr

Vi tilbyr

Løn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP.

Klepp kommune har diverse velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar. Tilsetting skjer forøvrig på de vilkår og med de plikter som fremgår av utlysing, og de til ein kvar tid gjeldande lover, reglement og tariffavtaler.

 

Om arbeidsgivaren: 

Klepp er den største av kommunane på Jæren, med over 20 000 innbyggarar og om lag 1700  tilsette. Me ligg ein kort køyretur frå Stavanger og Sandnes.


Kommunen vår har dei flottaste strendene i heile regionen, me har ein spennande kulturhistorie, og ei god blanding av landbruk, industri og varehandel.


Visjonen vår er Med blikk for alle. Me ønskjer tilsette som tek i eit tak, bryr seg og tenkjer fritt.
 
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med styrar Jane Marie Grødeland tlf. 40043410

Kontaktinformasjon

Jane Marie Grødeland, styrar, +47 40043410

Arbeidsstad

Austvegen 46

4341 BRYNE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Klepp kommune



Referansenr.: 4797025704

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 24.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Austvegen 46, 4341 Bryne
Stillingsfunksjon
Barnehage / Pedagogisk leder, Barnehage / Barnehagelærer, Undervisning og pedagogikk
FINN-kode
347893045
Sist endret
10. apr. 2024 10:45