Inaktiv

Bioingeniør

Arbeidsgiver
LMBB, seksjon FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Bioingeniør
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du bioingeniør/ bioingeniørstudent og ute etter jobb i eit triveleg og godt arbeidsmiljø? Då er dette arbeidsstaden for deg. 
Vi oppfordrar bioingeniørstudentar på 3. året til å søkje. 

Bli kjent med oss i LMBB. 

Hos oss får du jobbe i eit laboratorium der du får brei erfaring med både medisinsk biokjemi og blodbank. Du jobbar sjølvstendig og i team. Her får du kjenne på kva det er å være bioingeniør innanfor fagfelta hematologi, koagulasjon, klinisk kjemi, immunhematologi. Du får moglegheit til å jobbe med moderne analyseinstrument og er tett på pasientane. Bioingeniørane deltar i tredelt turnus og er i sentrum der det skjer! 

Lab. medisinsk biokjemi og blodbank (LMBB) er ei viktig og sentral avdeling i Helse Førde, og bidrar døgnet rundt med analyser av høg kvalitet slik at både sjukehusavdelingar og legekontor kan sikre riktig diagnose og god pasientbehandling.

I våre framtidsretta lokaler med moderne analyseinstrument og automasjonsløysing, går vi inn i ein spennande periode med mål om å auke kvaliteten på tenestene vi leverar. Personalet i avdelinga har høg kompetanse og består av bioingeniørar, helsesekretærar, overlegar og sjukepleiar.

Førde er den største byen i tidlegare Sogn og Fjordane fylke. Her er flyplass og eit godt utbygd bussrutenett. Bergen ligg kun tre timars kjøretur unna. Førde er eit handelssentrum med stort utval butikkar, samt gode tilbod innan kulturelle tilbod (konsertar, arrangement, kunst m.m.). Vi ligg midt i flott vestlandsnatur, med moglegheit for toppturar til fots og på ski, her er og fleire skianlegg i området. Det er kort vei til kyst og hav med moglegheit for båtliv, fisking og rekreasjon.

Om du har spørsmål til stillinga, må du gjerne ta kontakt. 

Startdato etter avtale. 



Arbeidsoppgåver

  • Varierte arbeidsoppgåver innan blodbank, hematologi, koagulasjon og medisinsk biokjemi
  • Pasientretta oppgåver innan prøvetaking og preanalyse
  • Stillinga inngår i tre-delt vaktturnus ved avdelinga. Dette gir mange fordelar med turnusfridagar. Vi tilpassar turnus individuelt
  • Spesifikke arbeidsoppgåver knytt til avdelinga
  • Arbeidsoppgåvene blir rullert kontinuerleg

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som bioingeniør
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis/arbeidserfaring frå medisinsk biokjemi/blodbank er ein fordel
  • Gode IKT kunnskaper 

Personlege eigenskapar

  • Vere fagleg engasjert og interessert
  • Jobbe stukturert og målretta
  • Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
  • Sjølvstendig, fokusert og ansvarsbevisst
  • Må trivast i eit aktivt miljø, med varierte arbeidsoppgåver
  • Vere serviceinnstilt

Vi tilbyr

  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar 
  • Opplæringsprogram for nytilsette
  • Fagleg og personleg utvikling
  • Triveleg og aktivt arbeidsmiljø 
  • Arbeid i IA-bedrift
  • Hjelp med bustad, opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg

Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Nina Merkesdal Hole, Seksjonsleiar, 57 83 98 15

Robin-Andre Sørland, Avdelingssjef, 918 25 148

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4797718619

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Bioingeniør, Annet
FINN-kode
347890941
Sist endret
10. apr. 2024 10:37