Inaktiv

Me treng fleire engasjerte kollegaer med på laget, er det deg?

Arbeidsgiver
Hjelmeland kommune Årdal omsorgsenter
Stillingstittel
Sjukepleiar 57,75 % vikariat
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Årdal omsorgssenter har ledig 57,75 % vikariat som sjukepleiar frå 01.08.2024 til 31.05.2025

Stillinga inneber todelt turnus med helgearbeid.

Årdal omsorgssenter er eit av to omsorgssentre i Hjelmeland kommune. Omsorgssenteret har to avdelingar, ei somatisk avdeling med 13 langtidsplassar og ei demens avdeling med 8 langtidsplassar. Årdal omsorgssenter satsar bredt på velferdsteknologi og kan tilby spennande arbeidsoppgåver knyta opp mot ei variert pasientgruppe. 

Sjukepleiar som er nyutdanna eller har mindre en 10 år ansiennitet får ei garantiløn tilsvarande 10 års ansiennitet.

Arbeidsoppgåver
- delta i stell, pleie og daglege gjeremål
- bruke VAR sjukepleieprosedyrar og veilederen aktivt
- observasjonar og dokumentarbeid
- handtera medisinsk teknisk utstyr og prøvetaking
- ta vare på bebuarane sine individuelle behov
- spennande arbeidsoppgåver knyta til velferdsteknologi

Me søkjer etter ein person som
- bidrar aktivt til eit godt miljø
- er sjølvstendig og tar initiativ i sitt arbeid
- har god kjennskap til data/ fagsystem som dokumentasjonsverktøy
- er positiv og motivert
- er fleksibel og løysningsorientert
- er nøyaktig og ikkje redd for å ta i eit tak

 Kvalifikasjonar
- sjukepleiar med norsk autorisasjon
- erfaring frå arbeid innan eldreomsorg
- språkkrav minimum B2 nivå
- førarkort klasse B er ein fordel, men ikkje eit krav 

 Me tilbyr
- godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgaver
- løn etter gjeldande avtaleverk
- pensjon og forsikringsordning etter tariffavtale
- ulike rekrutteringstiltak, som m.a. etableringspakke for nyutdanna og nytilsette
- gratis barnehage

Hjelmeland kommune er opptekne av mangfald og me oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hjå oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, nasjonal eller etnisk bakgrunn. 

Politiattest
Ver merksam på at me krev politiattest for alle som skal ha arbeidsplassen sin i barnevern, helse og omsorg, skule og barnehage.

Elektronisk søknadsprosess
Hjelmeland kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Du finn informasjon om korleis du søkjer på ei ledig stilling her.

Det er viktig for vidare handsaminga av din søknad at du legg inn alle relevante data. Det er høve til å leggja ved attestar og vitnemål i søknadsprosessen.
Ved ettersending av attestar og vitnemål bruk sikker opplasting på kommunens heimeside

 

Viss du har spørsmål til søknadsprosessen, kan du kontakte personalavdelinga via kundesenteret på tlf. 51 75 70 00.

 


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Melevegen 136, 4137 Årdal i Ryfylke
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
347889724
Sist endret
10. apr. 2024 10:08