Inaktiv

Lærer

Arbeidsgiver
Dirdal skole, Gjesdal kommune
Stillingstittel
Lærer
Frist
29.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Frå august 2024 har vi ledig 100 % lærarstilling ved Dirdal skule. Vi treng lærarar med undervisningskompetanse i norsk, engelsk og matematikk, samt i praktisk-estetiske fag. Det er behov for kontaktlærar, og det er ønskjeleg om du har erfaring med begynneropplæringa, men ikkje eit krav.

Vi søkjer lærarar som er gode på relasjonsbygging og som ønskjer å gjere sitt beste for å gi elevane ein meningsfylt og trygg skulekvardag. Du må vere motivert for, ha engasjement for og kunne jobbe målretta mot at barn og unge utviklar kompetanse, framtidstru og livsglede.


Dirdal skule er ein 1.-10. skule med ca 130 elevar. Vi har eit godt læringsmiljø og høg trivsel, både hos elevar og tilsette. Vi er opptatt av samarbeid som fører til utvikling og gode resultat. Vår visjon "Lærerikt fellesskap", set verdien av og styrken i eit mangfald som ein føresetnad for dei beste resultata. Skulen ligg ca 25 minutt frå kommunesentrum, omgitt av mektig og vakker natur som vi nyttar oss av for å fremje god fysisk og psykisk helse.

På Dirdal skule ønskjer vi:

  • å ha høg elevaktivitet og elevdeltaking
  • å bruke digitale verktøy når det er pedagogisk hensiktsmessig
  • å ha eit godt tverrfagleg samarbeid
  • å byggje profesjonelle og omsorgsfulle lag rundt elever


Arbeidsoppgåver

  • Planleggje og gjennomføre undervisning som fremjer læring
  • Analysere og følgje opp elevane si faglege og sosiale læring
  • Fremje eit trygt, godt og inkluderande læringsmiljø for elevane
  • Bidra til eit godt samarbeid med føresette
  • Delta og bidra i eit lærande profesjonsfellesskap 
  • Samarbeide med andre faginstansar
  • Kontaktlærerfunksjon

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning 
    For å undervise i faga norsk, engelsk og matematikk er det krav om minimum 30 studiepoeng for å undervise på barnetrinn og 60 studiepoeng for å undervise på ungdomstrinn. Spesifiser kva fag du har, og kor mange studiepoeng. 
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskaper

Personlege eigenskapar

  • Du er motivert og fagleg engasjert
  • Du kommuniserer godt og har evne til å etablere gode relasjonar til elevar og føresette
  • Du er tydeleg, lyttar med respekt og er god på perspektivtaking
  • Du er påliteleg og ansvarsfull, samarbeids - og løysningsorientert
  • Du er genuint opptatt av elevane si læring og utvikling
  • Du er ein kunnskapsrik, inkluderande og engasjert lærar som ønskjer å bidra til ein skule for framtida
  • Du har god digital kompetanse
  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø prega av godt humør og samarbeid
  • Gode arbeidshøve
  • Rettleiing i 2 år for nyutdanna lærarar 
  • Ein utviklingsorientert arbeidsplass der læring og meistring står i sentrum
  • Dyktige og engasjerte kollegaer
  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver
  • Tverrfagleg samarbeid i laget rundt eleven
  • God pensjonsordning med lånemoglegheiter
  • Fokus på heiltidskultur og konkurransedyktig lønn
  • Vi verdset høg kunnskap og kompetanse i våre tenester og tilbyr relevant vidareutvikling/utdanning der det er hensiktsmessig
  • Moglegheit for barnehageplass for tilsette sine barn
  • Vi har ei flott personalhytte på Hellvik til utlån for alle tilsette

Annet
I Gjesdal ønsker vi å ta vare på nåtiden samtidig som vi legger forholdene til rette for fremtiden, gjennom å tenke bærekraft for folk, miljø og økonomi.

Vi har heltidskultur for å sikre god kvalitet, kontinuitet og kompetanse for alle ansatte og de vi er til for, samt et godt arbeidsmiljø og forutsigbarhet for den enkelte medarbeider.

Vi ønsker større mangfold, og oppfordrer alle kvalifiserte til å søke uansett alder, kjønn, funksjonsevne, kultur og tenkemåte. Vi ser dette som viktig for nytenkning, utvikling og kvalitet i tjenestene våre.

Ansettelse skjer etter gjeldende regler og tariffavtaler. I stillinger der politiattest kreves skal denne leveres (ikke eldre enn 3 mnd.) ved tiltredelse i stillingen.

Kontaktinformasjon

Mari-Anne Haugsbakk, rektor Dirdal skole, +47 51614826

Arbeidssted

Krovegen 270

4335 Dirdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Gjesdal kommune



Referansenr.: 4796514978

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 29.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Krovegen 270, 4335 Dirdal
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Undervisning og pedagogikk / Allmennlærer/kontaktlærer
FINN-kode
347880491
Sist endret
10. apr. 2024 10:17