Inaktiv

Brannkonstabel / røykdykker - deltid

Arbeidsgiver
Tekniske tenester, Sykkylven kommune
Stillingstittel
Brannkonstabel / røykdykker - deltid
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du interessert i å jobbe deltid som røykdykkar og brannkonstabel i Sykkylven? Dersom du har eit ønske om å vere ein av våre kollegaer i brannvernet, då er dette ei stilling du bør søke på.

Sykkylven brann og redning har 4 vaktlag med 5 brannkonstablar på kvart vaktlag. Ein brannkonstabel deltid har heimevakt og vert utstyrt med nødnettradio. Brann- og redningskorpset tilbyr moderne brannstasjon med særs gode arbeidsforhold. Det er spennande og allsidige arbeidsoppgåver, godt arbeidsmiljø og god kompetanseutvikling.

Etter tilsetting vert det gitt obligatorisk utdanning.
Søkjaren må vere fylt 18 år, ha førarkort og disponere bil.

Det er krav til godkjenning av fysisk og medisinsk kapasitet etter forskrift om utførelse av arbeid, bruk av arbeidsutstyr og tilhørende tekniske krav (forskrift om utførelse av arbeid) § 3-27. Og Arbeidstilsynets veiledning for helseundersøking og tester av fysisk kapasitet for røyk- og kjemikaliedykkere blir brukt for å stette krava
 - www.arbeidstilsynet.no/tema/kjemikalier/royk-og-kjemikaliedykking/helseundersokelse-for-royk-og-kjemikaliedykkere/

Alle som har lyst til å prøve seg som brannkonstabel oppfordrast til å søkje. Brannvernet ønskjer mangfald og vil spesielt at kvinner søkjer på stillingane.  



Arbeidsoppgåver

  • Delta i akutte oppgåver som brannsløkking, røykdykking, rednings- og helseoppdrag
  • Delta i samfunnskritiske aksjonar i lag med helse og politi
  • Delta på øvingar og opplæring i samsvar med oppsett øvingsplan

Kvalifikasjonar

  • Førarkort klasse B. Ønskeleg også med BE, C1 eller C
  • Bustad og arbeidsplass med maks 7 minutt køyretid til brannstasjonen
  • Meistre norsk munnleg og skriftleg
  • Bestått fysisk og medisinsk test etter gjeldande krav frå Arbeidstilsynet
  • Stillinga har krav til kompetanse. Tilsettinga er på vilkår om at ein gjennomføre brann og redningsskolens grunnkurs for deltidspersonell innan to år. https://www.brsk.no/kurs-og-videreutdanning/deltidskurs/grunnkurs-for-deltidspersonell/. Opplæring vil bli gitt
  • Godkjenning frå arbeidsgivar om å kunne rykke ut ved alarm, samt delta på kurs
  • Fagbrev i yrkesfag kan bli vektlagt
  • Den som vert tilsett må levere politiattest av nyare dato, jf. brann- og eksplosjonsvernloven § 18

Personlege eigenskapar

  • God psykisk helse
  • Kunne arbeide i høgde, tronge rom og i vatten
  • Eigenskap til å halde roa i stressande og farlege situasjonar
  • Må samarbeide godt i lag med kollegaer og kunne la seg leie av overordna
  • Må kunne arbeide etter gjeldande rutinar og prosedyrar, med stort fokus på HMS

Vi tilbyr

  • Godt arbeidsmiljø og god kompetanseutvikling
  • Tilsetting i samsvar med offentleg avtaleverk/tariff

 

Offentlegheit
Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd.

Vitnemål og attestar
Vi ber om at søkjar leverer vitnemål og attestar slik at det blir rekna ut rett ansiennitet og løn. Vitnemål kan hentast inn frå Vitnemålsportalen under vedlegg i søknaden.

Kontaktinformasjon

Oddmund Grebstad, Brannsjef, +47 90928140, oddmund.grebstad@sykkylven.kommune.no

Gjermund Eidem, Brannmester, +47 91596300, gjermund.eidem@sykkylven.kommune.no

Kristian Trandal, Teknisk sjef, +47 47719661, kristian.trandal@sykkylven.kommune.no

Arbeidsstad

Haugsetvegen 41

6230 Sykkylven

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Sykkylven kommune



Referansenr.: 4790264837

Stillingsprosent: 2,02%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
4
Sted
Haugsetvegen 41, 6230 Sykkylven
Stillingsfunksjon
Annet, Sikkerhet, Brannvern
FINN-kode
347866669
Sist endret
10. apr. 2024 08:16