Inaktiv

Spennande stilling som sjukepleiar i heimetenestene!

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Heimetenesta
Stillingstittel
Vikar som sjukepleiar 80 - 100%
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Me søker:

Fleksibel og engasjert sjukepleiar til vikariat 80 - 100% i heimetenesta indre sone ledig etter avtale til og med 31.8.2025 med mogeligheit for forlenga.

 Kvalifikasjonar:

  • Norsk autorisasjon som sjukepleiar.
  • God IKT kompetanse og erfaring med elektronisk pasientjournal
  • Gode munnlege og skriftlege norskkunnskapar minimum nivå B2
  • Må ha førarkort
  • Erfaring eller vidareutdanning innan velferdsteknologi er ein fordel, men ikkje eit krav

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Varierte daglege arbeidsoppgåver knytt til ei brukargruppe med svært ulike utfordringar når det gjeld diagnose, alder og kompleksitet
  • Sjukepleiarfagleg oppgåver som stell, pleie, observasjonar, kartlegging og ansvar på vakt
  • Sjukepleiefaglege dokumentasjon, tiltaksplaner, og medisinoppfølging
  • Kommunikasjon med fastleger, pårørande og andre faggrupper
  • Pådrivar for å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar i tenesta
  • Kontakt opp mot spesialisthelsetenesta og samarbeid med fleire tverrfaglige samarbeidspartnerar
  • Bidra til kontinuerlig utvikling av tenestene, tenke løysningar slik at brukarane kan få bu heime lengst mogleg
  • Rettleiing av og tett samarbeid med kollegaer, saman gjer me dei beste tenestene
  • Rettleiing og undervisning av brukarar, pårørande, kollega og studentar/elevar.


Personlege eigenskapar:

  • Du bidrar til å ta i bruk velferdsteknologiske løysingar i tenesta
  • Du vil yte gode tenester til heimebuande i Vindafjord kommune
  • Du er fagleg engasjert og held deg oppdatert, likar å finne nye måtar å arbeida på
  • Du bidra positivt inn i arbeidsmiljøet og er bevisst korleis du sjølv påverkar kollegaene dine i arbeidskvardagen
  • Du har eit ynskje om å arbeide med menneske som har komplekse og varierande hjelpebehov og du er tolerant i møte med ulike menneske
  • Du er løysingsorientert og har gode evner til å samarbeida med andre rundt deg og søke heila tida etter forbetringar for både brukarane og tilsette
  • Du liker å arbeida sjølvstendig, systematisk, målretta og har stort pasientfokus
  • Du trives med hektiske arbeidsdager
  • Du er fleksibel og ser nytte av å arbeide på tvers av sonene
  • Du arbeider for eit godt miljø som har eit godt samarbeidsklima der alle vert høyrt og respektert
  • Personlege eigenskaper vert vektlagt  


Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med dyktige kollega
  • Rabatt på treningssenter
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Vindafjord kommune kan tilby helgeavtale utover den sentrale der ein får ekstra kompensasjon for ekstra vakter kveld og helg. 

Om heimebaserte tenester:

Heimetenestene i Vindafjord kommune har basekontor i Ølen og Nedre Vats.  

  • Indre sone har basekontor på Ølen omsorgssenter og gjer tenestar til heimebuande i Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Sandeid, Vikedal og Imsland
  • Ytre sone har basekontor på Vindafjordtunet og gjer tenestar til heimebuande i Vats Skjold og Vikebygd. Ytre sone gjer og tenstar til dei som bur i omsorgsbustadar på Vindafjordtunet.

Hjå oss vil du møta heimebuande eldre og yngre med ulike helseutfordringar, både akutte situasjonar og personar med korniske lidingar som krev langsiktig handsaming. Hjå oss vil me ha det "høgt under taket" med kort veg til engasjerte leiarar og dyktige kollega som alle ynskjer å bety ein forskjell for våre brukarar. Du arbeider turnus dag/kveld med arbeidshelg kvar 3. helg. 

Me ønskjer at våre medarbeidarar skal ha mogeligheit for utvikling innan fag og interesse, at tilsette skal ha eit arbeid som motivere og engasjere til utvikling. Kommunen søker kvart år Statsforvaltaren om kompetansemidlar slik at me i større grad kan vera med på å gje deg støtte til relevant vidarutdanning etter ynskje og behov. 

Me i heimetenesten ynskjer å høyre frå deg som vil gjera ein forskjell innan eldreomsorga, ikkje nøl med å ta kontakt om du har spørsmål. 

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Rådhusplassen 1, 5580 Ølen
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
347857541
Sist endret
10. apr. 2024 06:13