Inaktiv

 Aktivitør/fagarbeidar ved Dagsenter for eldre

Arbeidsgiver
Volda kommune, Heimeteneste
Stillingstittel
Aktivitør/fagarbeidar ved dagsenter for eldre
Frist
01.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Frå 12.08.24 - 31.07.25 blir det ledig eit vikariat i 80 % aktivitørstilling knytt til Dagsenter for eldre. Stillinga har dagarbeidstid, med fire arbeidsdagar kvar veke.

Målgruppa for dagtilbodet er heimebuande eldre. Dagsenteret for eldre har to avdelingar lokalisert i første etasje ved Volda omsorgssenter. Den eine avdelinga har tilbod retta mot personar med demens. I tillegg til tilbodet i Volda sentrum har vi dagtilbod på Folkestad to dagar i veka, og på Grodås ein dag i veka.

Mål for tenesta:

  • Bidra til at eldre som bur heime får ein meiningsfull kvardag, og kan bu heime lengst mogleg
  • Førebygge behov for omfattande tenester i heimen eller flytting til høgare omsorgsnivå.
  • Gi tenestemottakar eit rikt, variert og meiningsfylt aktivitetstilbod.
  • Fremme god helse gjennom aktivitet.


Arbeidsoppgåver

Som aktivitør skal du bidra til auka aktivitet og trivsel. Du skal gje brukarane tilpassa stimuli som kan oppretthalde funksjonsnivå og gi auka kvardagsmeistring. Til stillinga inngår også mange praktiske oppgåver som førebuing av aktivitetar, tilbereding av måltider, rydde, vaske opp og halde orden. 

Kvalifikasjonar

Til denne stillinga åpner vi for at både aktivitørar, fagarbeidarar og assistentar kan søkje, Relevant erfaring og personleg eignaheit er like så viktig som formelle kvalifikasjonar. Erfaring frå arbeid med personar med kognitiv svikt er ein fordel. Søkjarar må kunne flytande norsk munnleg og skriftleg. Må ha førarkort klasse B (for manuell gir). Må kunne framvise tilfredsstillande politiattest før oppstart i arbeid.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som er allsidig, kreativ, effektiv og samarbeidsvillig, samt innehar evne til å motivere til aktivitet. Du trivast saman med eldre og har evne til å planlegge og legge til rette for tilpassa aktivitetar for brukarane. Vi treng også at du kan ivareta og skape trygge rammer for brukarane. Du må trivast med å jobbe både i team og sjølvstendig. Den rette personen er glad i å lage mat både åleine og saman med andre.

Vi tilbyr

  • Ein arbeidskvardag med mykje humor og godt humør :o)
  • Mange spanande og varierte utfordringar
  • Dyktige medarbeidarar med høg kompetanse
  • Høve til fagleg utvikling
  • Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
  • Løn etter gjeldande tariffavtale
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar gjennom KLP

 

Kontaktinformasjon

Ellinor Knardal, Seksjonsleiar Dagsenter for eldre, 95276559, ellinor.knardal@volda.kommune.no

Astrid Dimmen, Avdelingsleiar heimetenester, +47 95 77 05 24, astrid.dimmen@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Barstadmarka 2

6102 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4797432702

Stillingsprosent: 80%

Vikar

Startdato: 12.08.2024

Sluttdato: 31.07.2025

Søknadsfrist: 01.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Barstadmarka 2, 6102 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Annet
FINN-kode
347781358
Sist endret
10. apr. 2024 06:50