Inaktiv

Stipendiat i matematikkdidaktikk

Arbeidsgiver
Universitetet i Bergen
Stillingstittel
Stipendiat i matematikkdidaktikk
Frist
30.04.2024

Beskrivelse

UiB - Kunnskap som formar samfunnet

Gjennom eit sterkt og tett samspel med omverda - globalt, nasjonalt og lokalt - skal vi medverke til eit samfunn bygd på kunnskap, ferdigheiter og haldningar.

Vil du vere med å forme framtida?


Stipendiat

Ved Matematisk institutt ved Universitetet i Bergen er det ledig ei stilling som ph.d.-stipendiat i matematikkdidaktikk. Stillinga er for ein åremålsperiode på tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning).


Om prosjektet/arbeidsoppgåver:

Ph.d.-stipendiaten vil bli inkludert i instituttet si forskargruppe i matematikkdidaktikk. Emnet for ph.d.-prosjektet skal ligge innanfor rammene av det matematikkdidaktiske forskingsområdet. Instituttet har som særleg ønskje å utvikle området utdanningsforsking og forsking om undervisning og læring i skjæringa mellom vidaregåande skule og grunnemneutdanning i matematikk ved instituttet. Andre tema innanfor matematikkdidaktikk er også relevant, for eksempel teknologi, programmering og algoritmisk tenking i matematikkfaget.


 Kvalifikasjonar og eigenskapar:
  • Søkjarar må ha oppnådd mastergrad i matematikkdidaktikk, eller har skrive masteroppgave i matematikkdidaktikk, til dømes søkjarar som har integrert lektorutdanning med matematikkdidaktisk masteroppgåve. Masterstudentar som ikkje har oppnådd graden kan søkje dersom dei fullfører den endelege mastereksamen før 15.07.2024. Det er ein føresetnad at mastergraden er oppnådd før tilsetjing kan skje
  • Søkjarar må dokumentere god kompetanse innan matematikk på høgt nivå (universitetsnivå)
  • Undervisningskompetanse i matematikk eller matematikkdidaktikk er ein føremon
  • Søkjarar må kunne nytte engelsk skriftleg og munnleg på godt nivå
  • Søkjarar må kunne arbeide sjølvstendig, strukturert og ha gode samarbeidsevner
  • Søkjarar må beherske norsk eller eit anna skandinavisk språk

Det blir lagt vekt på personlege og mellommenneskelege eigenskapar. 

Særeigne krav for stillinga
UiB er underlagd regelverket for eksportkontroll og regelverket gjeld ved behandling av søknadar til stillinga.


For stillinga gjeldt følgande:

Om stipendiatstillinga
Samla stipendperiode er tre år, med høve til eit fjerde år beståande av pliktarbeid (til dømes undervisning) fordelt med 25 % over tilsetjingsperioden. Dette avheng av kandidaten sinekvalifikasjonar og instituttet sitt behov for undervisning, og vert avgjort av instituttleiar ved tilsetjing.

Om du tidlegare har vore tilsett i rekrutteringsstilling (stipendiat, vitskapleg assistent eller liknande), kan det bli gjort frådrag i tilsetjingsperioden.

Om forskarutdanninga
Som ph.d.-stipendiat skal du delta i eit godkjent utdanningsprogram (forskarskulen MaScE) for ph.d.-graden innanfor ei tidsramme på 3 år. Frist for å søkje om opptak til ph.d.-programmet ved Det matematisk-naturvitskaplege fakultet er to månadar etter tiltreding i stillinga eller etter oppstart av det forskingsprosjektet som skal leie fram til ph.d.-graden. Det er ein føresetnad at du fyller krava for opptak til ph.d.-studiet ved Universitetet i Bergen.


Vi tilbyr:
  • eit godt og fagleg stimulerande arbeidsmiljø 
  • løn som stipendiat (kode 1017) i samsvar med det statlege lønsregulativet. Dette utgjer ei brutto årsløn på kr. 532 200 (tilsvarande lønstrinn 54). Vidare opprykk skjer etter stillingsansiennitet
  • medlemskap i Statens pensjonskasse
  • gode velferdsordningar

Søknaden skal innehalde:
  • prosjektbeskriving (inntil seks sider) med problemstilling, grunngjeving, teori, metode, samt foreløpig litteraturliste for det prosjektet kandidaten ønsker å forske på
  • namn og kontaktopplysningar til to referansar. Ein av desse bør vere hovudrettleiaren frå masteroppgåva
  • CV
  • karakterutskrifter og vitnemål for bachelor- og mastergrad. Dersom du enno ikkje har fullført mastergraden din, må du sende inn ei stadfesting frå institusjonen på forventa dato for oppnådd mastergrad. Mastergraden må vere dokumentert med karakterutskrift og/eller vitnemål, alternativt ei stadfesting frå gradsgjevande institusjon på fullført grad og oppnådd karakter innan 15.07.2024
  • relevante attestar, til dømes dokumentasjon av undervisning
  • godkjend dokumentasjon på at du oppfyller krav til engelskkunnskapar (dersom påkravd, jfr. Krav til engelskkunnskaper ved opptak til ph.d.-programmet)
  • eventuell liste over vitskaplege arbeid (publikasjonsliste)
  • eventuelle publikasjonar

Søknad og vedlegg med attesterte omsetjingar til engelsk eller eit skandinavisk språk må lastast opp i JobbNorge. 


Generell informasjon:

Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til professor Antonella Zanna Munthe-Kaas (instituttleiar), e-post antonella.zanna@uib.no, eller førsteamanuensis Johan Lie (matematikkdidaktikk), e-post johan.lie@uib.no

For HR-relaterte spørsmål ta kontakt med HR-rådgjevar Magnus Larsen, Universitetet i Bergen, e-post: magnus.larsen@uib.no

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga.

Vi oppmodar kvinner om å søkje. Dersom fleire søkjarar har tilnærma like kvalifikasjonar, gjeld reglane for moderat kjønnskvotering.

Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen her.


Livet som ph.d.-kandidat ved UiB

Astrid Nybø forteller om livet og arbeidshverdagen som ph.d.-kandidat ved UiB.


Sektor
Offentlig
Sted
Allégaten 41, 5007 Bergen
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Forskning/Stipendiat/Postdoktor
FINN-kode
347766602
Sist endret
10. apr. 2024 06:28