Inaktiv

Miljørettleiar/vernepleiar

Arbeidsgiver
Vindafjord kommune Vågen oppvektsenter
Frist
30.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Me søker:

75% fast stilling som miljørettleiar/vernepleiar ved Vågen skule. Andre med relevant utdanning kan og søkje. Arbeid både i skuletida og på SFO.

 

Hovudarbeidsoppgåver:

  • Støtte elevar som treng ekstra tilrettelegging for å kunne vera ein del av ei gruppe, eit klassemiljø og på SFO.
  • Medansvar for elevar med særskilte behov. 

Kvalifikasjonar:

  • Vernepleiar, eller anna relevant høgskuleutdanning.
  • Erfaring frå arbeid med barn med særskilte behov.
  • God norskkunnskap.

Personlege eigenskapar:

  • Har evne til å identifisera og setja i gong tilpassa tiltak overfor ulike elevar sine behov.
  • Har evne til å skapa gode og trygge relasjonar i skulemiljøet.
  • Samarbeidar godt med andre, og har evne til å ta imot og gje rettleiing.
  • Deltar aktivt i arbeidet med å skapa eit godt arbeidsmiljø på skulen.
  • Samarbeidar godt me føresette.

Me kan tilby:

  • Variert arbeid i eit positivt miljø
  • Faglege utfordringar og utvikling som fagperson
  • God opplæring og samarbeid med andre
  • Rabatt på treningssenter
  • Tilbod om gunstig mobilabonnement
  • Bedriftskunstlag
  • Kommunalt kor, KORe’ Vindafjord (www.korevindafjord.no)
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar (frå løna vert det trekt 2 % innskot til pensjonsordning)

Lønsvilkår:

Løn etter gjeldande tariff og avtaleverk.

Andre opplysningar:

Ved arbeid i barnehage, skule, barnevern, helse og omsorg, skal det leggast fram godkjent politiattest. Ved arbeid i barnehage, skule eller helse og omsorg skal det leggast fram godkjend dokumentasjon på tuberkulinkontroll før oppstart i jobb dersom du har budd eller opphalde deg i land med høg tuberkuloseførekomst i meir enn tre månadar. Personell i helse og omsorg legga fram helseopplysningsskjema i høve til MRSA.

Slik søker du: 

Vindafjord kommune tek berre i mot elektroniske søknadar via søknadssenteret vårt. Du kan lasta opp vitnemål og attestar som vedlegg. Om du ikkje har dei elektronisk, eller i rett format, må dei takast med til intervju. Ta kontakt med servicetorget på telefon 53 65 65 65 dersom du treng hjelp til å søka.

Du kan koma med på offentleg søkarliste sjølv om du har bedt om unntak. Me tek kontakt før ei eventuell offentleggjering.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Vågshagen 22, 5582 Ølensvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Omsorg og sosialt arbeid
FINN-kode
347745169
Sist endret
10. apr. 2024 06:02