Inaktiv

Rektor Dalane skule 

Arbeidsgiver
Oppvekst, kultur og inkludering
Stillingstittel
Rektor Dalane skule
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Er du interessert i ei spennande og utfordrande leiarstilling?

Ved Dalane skule har vi ledig stilling som rektor frå 1.8.2024. Stillinga er plassert i kommunalområde Oppvekst, kultur og inkludering. 

Skulen er ein fådelt 1-7 skule med om lag 55 elevar og 9 tilsette inkludert rektor. Administrasjonsressursen ved skulen er for tida 100 %. Skulen er ein av i alt sju kommunale grunnskular i Ørsta kommune.



Arbeidsoppgåver

Ørstaskulen sine overordna mål er:

  • Ein kollektivt orientert skule med vekt på trivsel, samskaping, inkludering og lokal identitet.
  • Ein skule som arbeider systematisk for å betre eleven si læring og utvikling.

I Ørstaskulen har vi langsiktig, heilskapleg satsing på å betre læringa til elevane, m.a. gjennom særleg fokus på lesing og læringsstrategiar i alle fag, å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø og ha fokus på relasjonskompetanse, fysisk og psykisk helse. Alle lærarar deltek i lærande nettverk på eigen skule og mellom skulane i kommunen.

Rektorane deltek i nettverksarbeid på skuleleiarnivå gjennom skuleleiarmøta i kommunen og leiarsamlingar i Sjustjerna. Ørstaskulen satsar også sterkt på digital kompetanse som grunnleggande ferdigheit med Chromebooks og Google Workspace for Education Plus som hovudverktøy. 

 Arbeidsoppgåver

Tenesteleiar har eit sjølvstendig ansvar for budsjett, personal og fagtilbod i si eining slik som mellom anna:

  • Leiing og administrasjon
  • Rapportering og strategisk utvikling
  • Planlegging og koordinering av dagleg drift
  • Personalansvar med oppfølging av tilsette og tilrettelegging i samsvar med kommunens HMT-planar


    Ørsta kommune vil i tida som kjem arbeide aktivt med å skape ein heiltidskultur i organisasjonen. Som leiar vil du verte ein viktig medspelar i dette arbeidet. Du vil også ta del i kommunen og Sjustjerna sine leiarutviklingsprosessar, og få innføring og opplæring i medarbeidarundersøkinga 10-faktor. Meistringsorientert leiing og kompetansemobilisering er også stikkord som er knytt til dei forventingane som vil verte stilte til deg som leiar. Kommunen nyttar leiaravtale og resultatsamtale som del av det kommunale styringssystemet.  

    Kvalifikasjonar

    Vi søkjer ein rektor som har:

    • pedagogisk utdanning og praksis frå grunnskulen
    • har formell utdanning og erfaring innan leiing. Ved manglande formell leiarkompetanse blir det sett vilkår om relevant vidareutdanning.

    Personlege eigenskapar

    • gode leiar- og samarbeidsevner
    • engasjert og har evne til å inspirere andre
    • systematisk og har føresetnader for god ressurs- og økonomistyring
    • god digital kompetanse og evne og vilje til å setje seg inn i kommunen sine system
    • evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk som målform
    • utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode evner til omstilling og til å leie pedagogisk utviklingsarbeid
    • kan arbeide målretta, systematisk og sjølvstendig 

    Det vert lagt stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju, også gruppeintervju kan vere aktuelt. Referansar vert nytta.

    Vi tilbyr

    Vi kan tilby utviklingsorienterte, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver i Ørstaskulen. Gjennom skuleleiarmøte ønskjer kommunen å følgje opp leiarane sine og legge til rette for fellesskap, læring og støtte til skuleleiaroppgåva.

    Gode pensjonsordningar i SPK for skuleleiarar og gode forsikringsordningar i KLP for alle tilsette i Ørsta kommune.

    Stillinga er plassert i HTV kap. 3.4.2 Stillingskode 9951 - rektor
    Løn etter avtale.

    Arbeidsvilkår: jf. HTA §6.3, elles i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk. Tenesteleiar må vere budd på at arbeidsoppgåvene kan endre seg som følgje av organisatoriske endringar.  

    Dokumentasjon
    Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming.
    Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. 
     Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. 

    Om offentleg søkjarliste: I samsvar med offentleglova §25 kan søkjaren sjølv be om at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste, men må grunngje dette i søknaden. Søkjaren sine behov vil verte vurderte konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga. 

     

    Kontaktinformasjon

    Kari Flø, Kommunalsjef oppvekst, kultur og inkludering, +47 479 03192

    Arbeidsstad



    6156 Ørsta

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Ørsta kommune



    Referansenr.: 4794560866

    Stillingsprosent: 100%

    Fast

    Søknadsfrist: 28.04.2024


    Sektor
    Offentlig
    Sted
    6156 Ørsta
    Stillingsfunksjon
    Ledelse
    FINN-kode
    347744143
    Sist endret
    09. apr. 2024 10:09