Inaktiv

Barnehagelærar, 100% vikariat

Arbeidsgiver
Gulen kommune
Stillingstittel
Eivindvik barnehage og skule. Tilsetjing 100% vikariat barnehagelærar frå 13.08.24 - 12.08.25
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Kjekt vikariat i ein god kommune 

Frå neste barnehageår, 13.08.2024 - 12.08.2025, har me ledig 100% vikariatstilling som barnehagelærar i Gulen kommune, for tida ved Eivindvik barnehage og skule. Det er moglegheit for forlenging etter endt vikariat. 

Barnehageavdelinga ved Eivindvik barnehage og skule er lokalisert like ved skulen, i eige barnehagebygg. Sjå www.eivindvik.skule.no for årsplanar, bilete og meir informasjon. 


På veg til dagsturhytta vår

Dei tilsette i barnehagane i Gulen kommune er oppteken av at barna skal få kome seg ut og bruke dei fantastiske naturmoglegheitene me har i heile kommunen. Dette kan du få verte ein del av. 


Barnehagane i Gulen har: 
  • Fokus på fagleg utvikling i barnehagane, der idear og innspel frå både nyutdanna og erfarne medarbeidarar vert sett på som viktige ressursar
  • Relativt små barnehagar - ein ideell arbeidsstad for nyutdanna pedagogar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Tilbod om rettleiing
  • Godt nettverksamarbeid mellom pedagogane i dei ulike barnehagane i kommunen

Arbeidsoppgåver for barnehagelærar 
  • Bistå pedagogisk leiar ved planlegging, iverksetjing, dokumentering, gjennomføring og evaluering av det pedagogiske arbeidet i tråd med rammeplanar, lovverk og kommunen sine strategiplanar og fokusområde
  • Bidra til å leie, planlegge og involvere resten av personalet i den daglege drifta av avdelinga, i tillegg til samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar
  • Bidra til rettleiing og opplæring på avdelinga
  • Delta i den daglege drifta

Kvalifikasjonar 
  • Utdanning som barnehagelærar, eller annan treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk. Søkjarar utan godkjent utdanning kan verte vurdert for mellombels stilling dersom vi ikkje får kvalifiserte søkjarar. 
  • Gode norskkunnskapar - både munnleg og skriftleg

Personlege eigenskapar 
  • Trivst, kommuniserer og samhandlar godt med borna, føresette, kollegaer og andre samarbeidspartnarar
  • Har evne til å sjå kvart enkelt barn, og skape gode og trygge relasjonar med borna
  • Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for både born og vaksne
  • Er strukturert, fleksibel og har gode samarbeidsevner
  • Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing

Anna 
  • Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk
  • Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
  • For tilsetjing innan pleie og omsorg, PU, i skule og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjen høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering

Me tilbyr
  • Gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Godt arbeidsmiljø
  • Løn etter tariff 

Sektor
Offentlig
Sted
Eivindvikvegen 1013, 5966 Eivindvik
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Barnehage / Barnehagelærer, Barnehage / Pedagogisk leder
FINN-kode
347742207
Sist endret
10. apr. 2024 06:24