Inaktiv

Hornindal Omsorgssenter har ledig 100 % fast st for helsefagarbeidar

Arbeidsgiver
Volda kommune, Institusjonsteneste
Stillingstittel
Hornindal Omsorgssenter har ledig 100 % fast st for helsefagarbeidar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi søker etter initiativrike og engasjerte helsefagarbeidarar som er interessert i å arbeide med eldreomsorg og er opptatt av å yte tenester av høg kvalitet. Vi søker etter deg som synest det er spennande å samarbeide breitt fagleg med dei andre faggruppene på arbeidsstaden. Vi arbeider miljø retta, der du i møte med bebuar er det viktigaste verktøyet, og med deg sjølv som verktøy kan du bidra til ein meiningsfylt kvardag for bebuar og pårørande.

Vi har ledig ei 100 % fast stilling, med ønske om snarleg oppstart, di kompetanse er etterspurt hos oss uansett om du er nyutdanna eller har mange års erfaring.

Frå september er planen å gå over til turnus med langvakter på helg.

Hornindal omsorgssenter har 24 bebuerar fordelt på tre grupper. Det er eit tett og godt samarbeid
mellom desse tre gruppene



Arbeidsoppgåver

  • Utøve helse- og omsorgstenester til bebuarar i tråd med gjeldande krav til kvalitet
  • Dokumentasjonsarbeid i elektronisk journalsystem
  • Medikamenthandtering.
  • Omsorg ved livets slutt
  • Tett pårørande samarbeid
  • Rettleiing av kollega, studentar og elevar.
  • Arbeide etter kvalitetsreforma "Leve heile livet" Fokus på aktivitet og sosialisering

Kvalifikasjonar

  • Du er autorisert helsefagarbeidar, oppgje HPR nr i søknaden.
  • Du har erfaring med målretta miljøarbeid i team
  • Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( helst Norsktest nivå B2) . Kunn søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkarar med eit skandinavisk språk som morsmål.
  • Det skal leggast fram tilfredsstillande  politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
  • Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.

Personlege eigenskapar

  • Du  er medmenneske med evne til å skape tryggleik og ro, også i krevjande situasjonar
  • Du er fagleg engasjert, positiv og sett bebuar i sentrum
  • Du er ansvarsbevisst, løysingsorientert ,fleksibel og likar utfordringar. 
  • du er fagleg oppdatert og er opptatt av å dele di kompetanse med kollegaer
  • Du har lyst til å bidra til utvikling. 
  • Du er lojal til arbeidsoppgåver, rammer og slutningar som er tatt i seksjonen
  • Du har fagleg forståing om den geriatriske pasienten og lovverk knytt til personar med demens
  • Du ynskjer å vere delaktig i å utvikle "morgondagens sjukeheim"
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt. 

Vi tilbyr

  • Lønn og arbeidsvilkår etter avtale 
  • Utfordrande , varierte og spennande oppgåver på ein flott arbeidsplass
  • Engasjerte og hyggelege kollegaer
  • Eit ope, aktivt og tverrfagleg og inkluderande arbeidsmiljø
  • Tilrettelegging for etter-/vidareutdanning om ein ynskjer det.
  • Regelmessig internundervisning
  • Gode pensjons og forsikringsordningar
  • Rekrutteringstillegg for tilsette med lengre reiseveg enn 2 mil: kr. 40.000 pr år.

Kontaktinformasjon

Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar , 91144863, ann-solvi.heltne@volda.kommune.no

Liv Langeland Muldsvor, Seksjonsleiar Hornindal Omsorgssenter, 90768467, liv.langeland.muldsvor@volda.kommune.no

Arbeidsstad

Urdene 9

6763 Hornindal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Volda kommune



Referansenr.: 4795301200

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Urdene 9, 6763 Hornindal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier, Sykepleier
FINN-kode
347742205
Sist endret
10. apr. 2024 05:55