Inaktiv

Helsesekretær/sjukepleiar 90 % vikariat

Arbeidsgiver
Vestnes kommune Vestnes legesenter
Frist
21.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Stillingstype
Det er ledig vikariat i 90 % stilling som helsesekretær ved Vestnes Legesenter frå 01.08.2024. Vikariatet har varigheit fram til 31.07.2025.

Arbeidsoppgåver
Arbeidet på legesenteret er organisert med rotasjon på 4 arbeidsstasjonar: laboratorium, skiftestue, resepsjon og arkiv. Søkjaren må vere i stand til å arbeide på alle 4 stasjonar. 

Laboratorium: prøvetaking, diverse analyser samt klargjering av prøver til sending. Ta EKG, spirometri og 24 timars blodtrykk.
Skiftestue: bistå legane i pasientbehandling og gjennomføre behandling ordinert av lege som f.eks. sårbehandling, medikamentinjeksjonar m.m.
Resepsjon: betjene sentralbord, ta imot pasientar samt handtere oppgåver som desse henvendelsane genererer.
Arkiv: svare på telefonar og utføre oppgåver i samband med dette, arkivere dokument, sortering av post samt anna førefallande kontorarbeid. 

Det er tilsett bioingeniør ved legesenteret.

Kvalifikasjonar
Du må ha fagbrev som helsesekretær, evt. kan sjukepleiarar søkje. 
- erfaring frå arbeid ved legekontor
- beherske norsk muntlig og skriftlig. Kravet til språk er minimum bestått språkopplæring på nivå B2
- datakunnskap 
- ha gode kommunikasjonsevne

Personlege eigenskapar
- du må være faglig engasjert 
- ha evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- det vert vektlagt at ein er personleg eigna
- ha godt humør, vilje og evne til å jobbe i et hektisk miljø

Vi tilbyr
- godt arbeidsmiljø og gode kollegaer
- løn i høve gjeldande avtaleverk
- kommunen er IA-bedrift og har fokus på nærværsarbeid
- pensjons- og forsikringsordningar i høve tariffavtale

Tilsettingsvilkår
Løns- og tilsetjingsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk. Det vert trekt 2 % av lønna i pensjonsinnskot. 
Kommunen har prøvetidsevaluering. Prøvetida er 6 månader i faste stillingar.

Ved tilsetting som krev politiattest skal denne ikkje vere eldre enn 3 månader.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til samtale eller intervju.

Referansar
Oppgi referanse

Søknad
Vestnes kommune nyttar elektronisk søknadsprosess. Det betyr at det berre er søknader sendt via vårt elektroniske søknadssystem som vil bli tatt i betraktning.

Det er viktig at du tar deg tid til å svare på spørsmåla vi stiller og registrerer din CV i søknadsskjemaet. Det er ikkje mogleg å sende med vedlegg. Attestar og vitnemål må derfor takast med til intervju.

Søkjarlista kan bli offentleggjort.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Brugata 6, 6390 Vestnes
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Helsesekretær, Kontor og administrasjon
FINN-kode
347716683
Sist endret
09. apr. 2024 08:18