Ergoterapeut - helse og omsorg

Arbeidsgiver
Aurland kommune
Stillingstittel
Ergoterapeut - helse og omsorg
Frist
Snarest
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om stillinga

Vi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut i kommunalområde helse og omsorg i Aurland kommune. Ergoterapitenesta er veletablert i kommunen, og det er tett samarbeid mellom ergoterapeut og andre tilsette i helse og omsorg.

Stillinga krev god samhandlingskompetanse og er spennande for deg som likar å koordinere. Du vil også ha ansvar for at brukarane  får sjanse til å delta i meningsfull aktivitet og ha eit godt tilpassa kvardagsliv.

Stillinga er organisert i kommunalområde helse og omsorg, og er for tida lokalisert i fjordsenteret på Onstad som ligg fint til ved Aurlandsfjorden.

Aurland kommune er i ein heilskapleg omstillingsprosess, der organisasjonsutvikling står sentralt.


Arbeids- og ansvarsområde

- habilitering, rehabilitering, helsefremjande og førebyggjande arbeid

- koordinering og tverrfagleg samarbeid

- rettleiing av brukar, samarbeidspartnarar og pårørande

- dokumentasjon og elektronisk sakshandsaming

- formidling av hjelpemiddel frå hjelpemiddelsentralen, samt tilpassing og oppfylging av desse

- vere kommunen sin kontaktperson opp mot NAV hjelpemiddelsentral, inkludert syns, høyrsel og rørslekontakt

- sakshandsame søknadar om parkeringsløyve og følgjekort

- leiar av bustadtilpassing

Arbeidet vert mellom anna utført i heimen til brukarane, institusjon, skular, barnehagar.

Andre oppgåver kan bli lagd til stillinga.


Me tilbyr
  • Ei utfordrande stilling med moglegheit for utvikling og fagleg påverknad 
  • Bli ein del av ein triveleg arbeidsplass der arbeidsmiljø står i sentrum 
  • Løn etter tariff 
  • Gratis inngang til treningsrom i Aurlandshallen 
  • Gratis inngang til symjehallen
  • Hjelp til å skaffe bustad 
  • Hjelp til å skaffe jobb til partnar 
  • Tenestebil (kan vere aktuelt å nytte eigen bil)

Sjå gjerne informasjonsbrosjyre om kommunen vår her.


Kvalifikasjonar

- Bachelor i ergoterapi med norsk autorisasjon som ergoterapeut

- det er ynskjeleg med erfaring frå kommunal ergoterapiteneste, kvardagsrehabilitering, hjelpemiddelformidling     og tverrfagleg samarbeid

- erfaring frå sakshandsaming

- gode datakunnskapar - kommunen nyttar Visma Profil

- kjennskap til NAV hjelpemiddelsental sine verkemiddel og sakshandsaming.

- gjennomført kurs i hjelpemiddelformidling i regi av NAV hjelpemiddelsentral

- førarkort, klasse B, for personbil.

Vi oppmodar ergoterapistudentar om å søke. 


Personlege eigenskapar

Me ynskjer at du har desse eigenskapane:

- evne til å samhandle og arbeide tverrfagleg med andre kommunale tenester

- positiv, engasjert og motivert

- evne til å arbeide sjølvstendig, systematisk og målretta

- ha respekt for brukaren

- sjå heilskapleg i eit brukarperspektiv

- innovativ og nytenkande

Våre verdiar er:  L-Æ-R, som står for Likeverd, Ærlegdom og Respekt.  


Løns- og tilsetjingsvilkår

Tilsetting, løn og arbeidsvilkår er i samsvar med gjeldande lovverk, reglement og tariffavtale.

Gode pensjons- og forsikringsordningar.

Etter helse og omsorgstenestelova § 5-4 må du levere godkjent politiattest ved tilsetjing.


Generell informasjon om søknadsprosessen 

Aurland kommune praktiserer meiroffentlegheit og kunngjer forenkla søkjarlister til ledige stillingar. Søkjarar, som har oppmoda om at namnet blir unnateke søkjarlista, må krysse av for dette og grunngje valet i søknadsteksten. Vi tek kontakt med søkjarar som har bedt om dette, dersom vi meiner at grunngjevinga ikkje er tilstrekkeleg. 

Kommunen sitt administrasjonsspråk er nynorsk. 


Sektor
Offentlig
Sted
Onstadvegen 25, 5745 Aurland
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Saksbehandler
FINN-kode
347622767
Sist endret
08. apr. 2024 02:44