Miljøterapeut Dagsenter 100% stilling

Arbeidsgiver
Tenesteområde Butenester, Haram kommune
Stillingstittel
Miljøterapeut Dagsenter 100% stilling
Frist
14.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Brattvåg dagaktivsering har lokasjon i Dalevegen i Brattvåg. Aktivitetsavdelinga har god struktur på dagane og arbeidsoppgåvene er varierte. Avdelinga har mellom anna produksjon av tennbrikkettar. Vi ønsker å vere ein stad for utvikling og trivsel for både tilsette og deltakarar. Frå 1. januar 2024 ligg dagaktiviseringa organisatorisk under Butenesta Haram. 

Haram bustadar yter tenester på følgande områder; tenestar i bustad retta mot personar med diagnosen utviklingshemming, dagsenter, avlastningsteneste for voksne, barneavlastning og Solbakken bukollektiv.

Stillinga er ledig frå dags dato, eller etter avtale.



Arbeidsoppgåver

  • Ansvar for kompetanseheving og fagutvikling til butenesta i Haram kommune.
  • Planlegge, organisere og halde kurs for tilsette i butenesta.
  • Ha overordna ansvar for å undervise og veilede i ulike tema som gir auka fagkunnskap for tilsette i butenesta.
  • Målretta miljøarbeid. 
  • Vere nytenkande og kreativ for å imøtekome deltakarane sine behov og ønskjer.
  • Bruk av hjelpemiddel dersom deltakarane har behov for dette.
  • Deltaking/samhandling med pårørande/verge og andre samarbeidspartnarar.
  • Dokumentering etter gjeldande prosedyrer og lovverk.
  • Utarbeide, oppdatere og følgje opp tiltak og planar etter vedtak og behov.
  • Veiledningsansvar, både i gruppe og på individnivå.
  • Samarbeide med personalgruppa om å lage årsplaner og oversikt over aktivitetar som skal gjennomførast i løpet av året.

Kvalifikasjonar

  • Autorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar eller annan treårig høgskuleutdanning innan helse og sosialfag. 
  • Gode evner til å halde seg fagleg oppdatert og kunne dele denne kunnskapen vidare.
  • Erfaring med å jobbe tverrfagleg og i team.
  • Erfaring i helse og omsorgstenestelova kapittel 9.
  • Evne til å undervise kollegaer.
  • Meistre godt norsk både skriftleg og munnleg.
  • Førarkort kl. B.
  • Erfaring frå arbeid rundt menneske med psykisk utviklingshemming.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Likar å jobbe med fag og implementere dette i tenesta.
  • Er god på rutiner og system.
  • Viser initiativ og er kreativ. 
  • Er kunnskapsrik og fagleg oppdatert.
  • Er pliktoppfyllande og sjølvgåande.
  • Har stor arbeidskapasitet og er ein utprega omsorgsperson.
  • Evnar til å bygge relasjonar med deltakarar, kollegaer og andre samarbeidspartnarar.
  • Evnar til å skape engasjement og har gode haldningar og moral.
  • Er ein lagspelar som bidrar til at felles mål blir nådd.
  • Er lojal og stabil.

Vi tilbyr

  • Ein kjekk arbeidsplass med mulighet for personlig og faglig utvikling.
  • Rom for å være kreativ.
  • Lønn etter gjeldande tariffavtale.

Kontaktinformasjon

Linn Borgund, Tenesteleiar, +4797595965, linn.borgund@haram.kommune.no

Arbeidsstad

Dalevegen 46

6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Haram kommune



Referansenr.: 4785057105

Stillingsprosent: 100%

Fast

Startdato: 02.05.2024

Søknadsfrist: 14.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Dalevegen 46, 6270 Brattvåg
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Sykepleier
FINN-kode
347617853
Sist endret
08. apr. 2024 02:35