Lege i spesialisering-LIS2                        - kirurgi og ortopedi

Arbeidsgiver
Kirurgiske legar Volda, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Lege i spesialisering kirurgi/ortopedi
Frist
12.05.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Volda sjukehus er eit veldreve lokalsjukehus med full akutt- og traumefunksjon. Kirurgisk avdeling har spesialistar innan generell- og gastrokirurgi samt urologi. Som LIS2 går du i eit felles 6-delt vaktsjikt med LIS2 i ortopedi,  med ansvar for både generellkirurgiske og ortopediske pasientar. Dette gir deg ei variert kirurgisk grunnopplæring og eit godt fundament for vidare spesialisering

Vi har ledige vikariat frå snarast og inntil eitt år med mogleg forlenging.

Du finn Volda midt i det beste Noreg kan tilby av fjord og fjell. Opplev dei ville og vakre Sunnmørsalpane  med alt frå enkle ruter og oppmerka stiar i flate fjelldalar til utfordrande klatreturar og fantastiske toppturar. Vi tilbyr også eit særs blomstrande kultur og idrettsliv og eit attraktivt studiemiljø ved Høgskulen i Volda. Det er gode kommunikasjonar med flysamband til Oslo og Bergen frå Ørsta/Volda lufthamn. Sjå meir om Volda her: https://youtube.com/watch?v=FHDuVf1TpYY- og her: https://youtube.com/watch?v=NGSg6xygovY

Attestert tenestebevis frå tidlegare arbeidsgjevar, og ev. anna relevant dokumentasjon må leggast ved søknad på stilling som Lege i spesialisering.



Arbeidsoppgåver

  • Deltaking i vaktarbeid, sengepost, dagkirurgi, poliklinikk og operasjon
  • Felles  6-delt vakt mellom LIS2 kirurgi og ortopedi

Kvalifikasjonar

  • Søkjar må ha norsk autorisasjon som lege
  • Godkjend LIS1
  • Må meistre norsk skriftleg og munnleg

Personlege eigenskapar

  • Personlege eigenskapar vert vektlagde
  • Gode samarbeidsevner
  • Strukturert og engasjert
  • Medverke til eit godt arbeidsmiljø
  • Må trivast i eit aktivt miljø

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Kontaktinformasjon

Olav Skjærpe Brattli, Seksjonsleiar kirurgiske legar, +4770058200

Juha Tuomas Hietanen, Seksjonsleiar ortopediske legar, +4770058200

Arbeidsstad

Kløvertunvegen 1

6103 Volda

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4796575197

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 12.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Kløvertunvegen 1, 6103 Volda
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Lege, Lege / Overlege
FINN-kode
347616027
Sist endret
08. apr. 2024 02:17