Inaktiv

Allsidig og spennande stilling som sjukepleiar

Arbeidsgiver
Medisinsk poliklinikk FSS, Helse Førde
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
23.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Medisinsk poliklinikk og Medisinsk sengepost har ledig vikariat kombistilling som sjukepleiar. Stillinga vil bli delt mellom einingane: 65% på poliklinikk og 35% på sengepost.

Vi kan ikkje love at arbeidsdagane vil bli like, men vi kan love variasjon. Vi kan også love at du vil bli omringa av eit mangfald av kollegaer. Du vil alltid ha nokon å spørje, lene og støtte deg på. Her er det gode moglegheiter for fagleg utvikling og nye erfaringar.

Medisinsk poliklinikk undersøkjer og behandlar pasientar innan fagområda kardiologi, nefrologi, endokrinologi, gastroenterologi, geriatri, lungemedisin og klinisk ernæringsfysiologi. Dei tilsette samarbeidar tett med kring 25 legar, hovudsakleg frå medisinsk avdeling, men også frå kirurgisk avdeling, barneavdelinga og andre.

I tillegg til polikliniske konsultasjonar vert det gjort mange undersøkingar av inneliggande pasientar.
For denne stillinga vil det innebære primært arbeid innan fagområdet gastroenterelogi, og det vil vere ein fordel med erfaring innan fagfeltet og med poliklinisk arbeid.
 
Medisinsk sengepost 1 og 2 har tre grupper med ulike fagfelt og totalt 41 senger. Hovudfagfelta våre er nyre og endokrinologi (3), mage/tarm, lunge, lungekreft & utgreiing (2), hjartesjukdommar & geriatri (1). Elles har vi mykje generelle indremedisinske problemstillingar som t.d. infeksjonar. Stillingsforholdet gjelder primært sengepost 1.



Arbeidsoppgåver

Som sjukepleiar i kombistilling, vil du møte akutte og kronisk sjuke pasientar med ulike sjukdomsbilete, mange av pasientane er eldre med samansette helseplager.

Arbeidet er tverrfagleg og vi samarbeider også med pårørande og primærhelsetenesta. På poliklinikk vil ein forberede og assistere på ulike skopiar og andre spesialprosedyrer (gastrostomi, dren, biopsiar mm). 

Vi brukar DIPS som journalsystem og ein vil bruke dette mykje i det daglege. På sengepost brukar ein elektronisk kurve i MEONA. 

Kvalifikasjonar

Søkjar må vere autorisert sjukepleiar/spesialsjukepleiar. Avdelinga set fokus på auka kompetanse og det er mogleg å legge til rette for vidareutdanning innan våre hovudfagfelt. Det vil være ein fordel om du har erfaring frå sengepostarbeid eller poliklinikk frå tidlegare, men ikkje påkrevd.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter ein engasjert og motivert sjukepleiar som ønskjer å ta del i ein hektisk kvardag med mange varierte problemstillingar. Det er viktig at du kan arbeide både sjølvstendig og i team.

Ei av våre styrker er at vi er ei inkluderande gruppe som hjelper kvarandre og har lav terskel for å stille spørsmål. Fagleg utvikling, evne til fleksibilitet og omstilling er eigenskapar som er viktige hos oss.

Vi tilbyr

Medisinsk sengepost og poliklinikk tilbyr trygg og god opplæring. Vi har fokus på å styrkje sosial tilhøyrsle og trivsel på arbeidsplassen med årlege treffpunkt. 


Mangfaldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Line-Anita Hjorthaug, Seksjonsleiar

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4796524378

Stillingsprosent: 100%

Vikariat

Søknadsfrist: 23.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
347613829
Sist endret
08. apr. 2024 02:12