Sjukehusprest/diakon

Arbeidsgiver
Seksjon for klinisk støtte Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukehusprest/diakon
Frist
08.05.2024

Beskrivelse

Vi har ledig 50% vikariat for sjukehusprest/diakon.

Arbeidsstad er for tida i Kristiansund, det vil i løpet av 2024/25 bli gradvis flytting til det nye sjukehuset på Hjelset. Preste– og samtaletenesta har no fire stillingar fordelt på 3,4 årsverk i heile fylket. Stillingane er organisert i seksjon for Kliniske støttefunksjoner i Ålesund.
Dette er eit vikariat i 50% stilling fra 01.08.24 - 31.12.24, med moglegheit til forlenging og utviding til 70% i perioden.

Preste– og samtaletenesta i Helse Møre og Romsdal er tilgjengeleg for å støtte pasientar, pårørande og tilsette. Du vil møte mennesker i kriser og krevjande livssituasjonar. Du vil ha særskilt ansvar for Kristiansund sjukehus, Nordlandet distrikpsykiatriske senter og etter kvart SNR. Du vert ein del av Preste– og samtaletenesta, og samarbeider tett med dei andre prestane i føretaket.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Du har samtaler, undervisning og gruppetilbod til pasientar og pårørande
  • Du har vegleiing, refleksjon, undervisning og samtaler med tilsette
  • Du bidreg til faguvikling innan Preste – og samtaletenesta
  • Du deltek i beredskap utanfor ordinær arbeidstid

Kvalifikasjonar

  • Teologisk embetseksamen/master i teologi eller diakoni
  • Pastoralklinisk utdanning og annan relevant vidareutdanning er ein fordel
  • Utdanning og erfaring med undervisning og vegleiing
  • Brei kompetanse innanfor tru– og livssyn
  • Erfaring frå samtalepraksis
  • Vigsla til prest/diakon i Den norske kyrkja eller tilsvarande innanfor anna kyrkjesamfunn

Personlege eigenskapar

  • Du har evne til å arbeide sjølvstendig
  • Du har gode relasjonelle ferdigheiter og samarbeidsevner
  • Du skal kunne møte og bistå menneske i sårbare/utfordrande livssituasjonar

Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

Den fargerike opera- og klippfiskbyen Kristiansund er perla på Nordmøre. Her finn du eit rikt kulturtilbod med eige operahus som har fleire
oppsetjingar og konsertarrangement kvart år. Like utafor byen kan du oppdage
den spektakulære Atlanterhavsvegen og fleire sjarmerande fiskevær. Byen har
eigen flyplass med fleire daglege avgangar til Oslo og Bergen. Les meir om Kristiansund og Nordmøre her.

Kontaktinformasjon

Bente Marit Borhaug, Seksjonsleiar, 70105177, Bente.Marit.Borhaug@helse-mr.no

Håvard Ervik, Sykehusprest, 90128764, havard.ervik@helse-mr.no

Arbeidsstad

Herman Døhlens vei 1

6508 Kristiansund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4793785690

Stillingsprosent: 50%

Vikariat

Søknadsfrist: 08.05.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Herman Døhlens vei 1, 6508 Kristiansund N
Stillingsfunksjon
Ledelse, Annet, Helsepersonell
FINN-kode
347602084
Sist endret
24. apr. 2024 10:32