Inaktiv

Vil du bli songpedagog i Etne Kulturskule?

Arbeidsgiver
Etne kommune Etne kulturskule
Stillingstittel
Lærar i song, 10,26%
Frist
24.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Om oss:
Etne Kulturskule har ca. 100 elevar og tilbyr undervisning i kunst, diverse instrument og teater. Me har hovudkvarter på Skakkesenteret i Etne, men har undervisning både på Enge og Skånevik skule.
Me har ei stor framsyning kvart år og mange små. Me tilbyr og kurs og kan mellom anna visa til kurs i lego, dans og teater.

Etne Kulturskule er i vekst og søker denne gongen etter deg som har kompetanse i song. Me er ein kulturskule som satser på samspel, og har allereie fleire songarar blant våre elevar som ikkje får utvikla stemmene sine optimalt grunna fråver av songkompetanse hjå personalet. Difor oppretter me no denne stillinga med håp om å få inn ein engasjert og songkompetent lærar som kan videreutvikle elevar, både nye og eksisterande.

Med denne stillinga får du 2 klokketimar til rådighet med elev eller grupper kvar veke. Me har eit ynskje om å leggja opp korleis denne stillinga skal utøvast i lag med deg. Dersom du brenn for kor og samspel så er dette ein mulighet. Dersom du heller ynskjer individuelle timar med kvar elev så fikser me det. Eller kanskje ein kombinasjon av dei to? Mulighetane er mange.

Arbeidsoppgåver

Undervisning i song, individuelt eller i grupper/kor på ettermiddagstid.

Kvalifikasjonar
  • Utdanning innan song og/eller musikk er eit ynskje frå oss, men ikkje ein forutsetning.
  • Det er ein fordel om du behersker enkel besifring på piano/gitar.
  • Pedagogisk utdanning og/eller realkompetanse er ynskjelig.
Eigenskapar

Me er på jakt etter deg som ser verdien av å utvikle ein god kultur, både som kollega og lærar. Du liker å samarbeida på tvers av fag og du har både tru og håp om å dyrka fram sangtalenter som kan setja spor etter seg både i lokalsamfunnet og vidare ut i verda.

Me tilbyr

Ein fleksibel arbeidsstad med moglegheit for å forma din eigen arbeidskvardag.

Annan informasjon

Vi ynskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal gjenspegla folkesetnaden. Vi oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hos oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn, eller minoritetsbakgrunn. Vi legg vekt på å tilretteleggja arbeidsforholda dersom du har behov for det.

Etter utløpet til søknadsfristen, vil det setjast opp ei offentleg søkarliste innehaldande namn, alder, stilling eller yrkestittel og bustads- eller arbeidskommune for kvar søkar. Det kan gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkar dersom vedkomande sjølv ber om det. Opplysningar om ein søkjer kan verta offentlege sjølv om søkaren har bede om ikkje å førast opp på søkarlista. Dersom anmodningen ikkje vert teke til følgje vil søkaren varslast om dette.


Link til søknadsskjema: Søk her
Sektor
Offentlig
Sted
Strondavegen 30, 5590 Etne
Stillingsfunksjon
Undervisning og pedagogikk, Ledelse, Annet
FINN-kode
347599907
Sist endret
08. apr. 2024 01:11