Inaktiv

Miljøterapeutar

Arbeidsgiver
Psykisk helsevern for barn og unge, Helse Førde
Stillingstittel
Miljøterapeutar
Frist
28.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

UPH (Ungdomsavdeling psykisk helsevern) er ein av fire seksjonar i Psykisk helsevern for barn og unge (PBU) i Helse Førde. UPH er ei døgnavdeling for ungdom i alderen
12 – 18 år. Avdelinga er den einaste av sitt slag i Helse Førde og har akutt-, intermediær- og langtidsplassar.

  • UPH søkjer etter to miljøterapeutar: 100% og 75% stilling, 3-delt turnus
  • Stillingane er ledig per i dag

Ber om at det i søknaden blir opplyst kva stilling ein søkjer eventuelt om begge er av interesse. Stillingane kan ikkje delast.

Vi oppmodar menn om å søkje.



Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre miljøterapeutiske oppgåver i samsvar med avdelinga sine rutiner
  • Følgje opp ut ifrå behandlingsplan og gjeldande rutiner
  • Delta i teamarbeid og samarbeid med eksterne partar

Kvalifikasjonar

  • Må ha medisinsk kompetanse, f.eks. autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar
  • Må beherske godt norsk både munnleg og skriftleg
  • Erfaring frå miljøterapeutisk arbeid med ungdom

Personlege eigenskapar

Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar

  • Vi ønskjer oss engasjerte og arbeidssame kollegaer som kan trivast i eit kunnskapsrikt fagmiljø
  • Gode kommunikasjonsevner, sjølvstendigheit og struktur blir verdsatt
  • Du må kunne arbeide godt både sjølvstendig og i team
  • Du trivst med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
  • Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik

Vi tilbyr

  • Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar
  • Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
  • Høgt fagleg nivå

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å
spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er
kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder,
funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre
opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa
i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering

Kontaktinformasjon

Laila Berge Kongsvik, Konsulent, +47 57839775

Arbeidsstad

Svanehaugvegen 2

6812 Førde

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4796352481

Stillingsprosent: 100, 75%

Fast

Søknadsfrist: 28.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde
Stillingsfunksjon
Helsepersonell / Vernepleier/miljøterapeut, Helsepersonell, Barnevernspedagog
FINN-kode
347594983
Sist endret
23. apr. 2024 06:28