Inaktiv

Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, assistent, sjukepleiarstudent

Arbeidsgiver
Medisinsk sengepost LSH, Helse Førde
Stillingstittel
Helsefagarbeidar/hjelpepleiar, sjukepleiarstudent, assistent
Frist
22.04.2024
Ansettelsesform
Vikariat

Beskrivelse

Ønskjer du å bu på ein liten plass med store moglegheiter? Ønskjer du å jobbe på eit lite lokalsjukehus og få stort fagleg utbytte? 

Lærdal sjukehus har ledig stillingar for helsefagarbeiderar/hjelpepleiarar, sjukepleiarstudentar eller assistentar på  Medisinsk sengepost:


  • 1 x 80% vikariat helsefagarbeider/hjelpepleiar til 01.09.2024 med moglegheit for forlenging. 
  • 1 x helgestilling med arbeid kvar tredje helg - her kan også vere aktuelt med assistent/sjukepleiarstudent

Lærdal er ein fin liten stad med store naturopplevingar rett utanfor døra di og det er gode turmoglegheitar for alle. Plasseringa gjer Lærdal til eit knutepunkt mellom Oslo og Bergen. Sjukehuset har ei eiga personalhytte på Filefjell. I tillegg har Lærdal vestlandets trivlegaste arbeidsplass, nemleg lokalsjukehuset. Meir informasjon om Lærdal kan du lese her.

Her har vi eit godt fagmiljø, samstundes er vi ikkje større enn at vi vert godt kjende på tvers av avdelingane. Dette bidreg til eit godt samarbeid i tillegg til gode moglegheiter for å skaffe seg nye bekjente. Vi har fleire sosiale samankomstar gjennom året og ønskjer deg velkommen til å vere med!

Medisinsk sengepost har 14 senger inkludert 2 overvakingssenger. Posten driftar for tida 2 interkommunale senger. 95% av innleggingane er akutt hjelp. Dei største pasientgruppene er hjarte- og infeksjonspasientar. 

Vil du vite meir om stillinga, ta kontakt med einingsleiar - sjå kontaktinformasjon. 
Stillingane er ikkje tenkt at skal delast. Spesifiser kva stilling/stillingar du søkjer på. 



Arbeidsoppgåver

  • Arbeide i 2-delt turnus, og kvar 3.helg
  • Pasientrelatert arbeid
  • Ta del i oppgåver som ligg til avdelinga
  • Samarbeid i team med andre yrkesgrupper
  • Opplæring og rettleiing av studentar
  • Arbeidsoppgåver delegert frå leiar
  • Pasientdokumentering

Arbeide etter Helse Førde sine verdiar: Respekt i møte med pasienten, kvalitet i prosess og resultat, og tryggleik for tilgjenge og omsorg.

Kvalifikasjonar

  • Helsefagarbeider/hjelpepleiar må ha godkjent autorisasjon
  • Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad.
  • Gode IKT-kunnskapar
  • Må kunne bruke datasystema som ligg til rolla slik at faglege og juridiske krav vert ivaretekne

Personlege eigenskapar

  • Du har eit godt fagleg og verdimessig pasientperspektiv
  • Du arbeider godt både sjølvstendig og i team
  • Du ønskjer å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt miljø
  • Du trivast i eit aktivt og travelt miljø
  • Du er fagleg engasjert
  • Du jobbar strukturert og målretta

Personlege eigenskapar vil bli vektlagt

Vi tilbyr

  • God innføring og opplæring i arbeidsoppgåver
  • Fagleg utvikling og moglegheit for vidareutdanning
  • Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Triveleg arbeidsmiljø
  • Personalhytte på Filefjell
  • Hjelp med bustad (opplys i søknaden dersom det er ønskjeleg)

Mangfoldserklæring
Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer  å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.

Kontaktinformasjon

Marit Fossheim Ottersen, Einingsleiar, +47 47906594, marit.fossheim.ottersen@helse-forde.no

Arbeidsstad

Sjukehusvegen 9

6887 Lærdal

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Førde



Referansenr.: 4795196398

Stillingsprosent: 20, 80%

Fast, Vikariat

Søknadsfrist: 22.04.2024


Sektor
Offentlig
Antall stillinger
2
Sted
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal
Stillingsfunksjon
Helsepersonell, Sykepleier, Helsepersonell / Helsefagarbeider/hjelpepleier
FINN-kode
347576205
Sist endret
08. apr. 2024 09:36