Inaktiv

Sjukepleiar

Arbeidsgiver
Ortopedisk sengepost Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
Stillingstittel
Sjukepleiar
Frist
18.04.2024
Ansettelsesform
Fast

Beskrivelse

Vi har ledig 100% fast stilling frå 01.06.2024.

Ortopedisk og revmatologisk sengepost er ein sengepost med 20 sengeplassar. Vi jobbar i eit spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag og vi ønskjer å vere langt framme innanfor vårt fagområde.

Vi har ei stabil personalgruppe og eit godt arbeidsmiljø. Vi ønskjer å kome i kontakt med engasjerte sjukepleiarar, som kan tenkje seg ei spennande utfordring. 

Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige.

Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.



Arbeidsoppgåver

  • Kartlegge, planlegge, utføre og evaluere sjukepleiartiltak i forhold til pasientar
  • Sjukepleieadministrative-/ koordinerande oppgåver 
  • Legemiddelhandtering
  • Sjukepleieprosedyrer
  • Arbeid med kvalitet og pasientsikkerheit 
  • Rettleiing av studentar og kollegaer 
  • Arbeid kvar 3. helg
  • Kontinuerlig forbetringsarbeid
  • Moglegheit for ekstravakter

Kvalifikasjonar

  • Autorisert sjukepleiar
  • Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg 
  • Erfaring frå sjukehus er ønskjeleg

Personlege eigenskapar

  • Du er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel
  • Du er ansvarsbevisst
  • Du er engasjert og lærevillig 
  • Du bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar 
  • Du må trivast i eit aktivt og hektisk miljø

Personleg eignaheit for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Sterkt tverrfagleg samarbeid
  • Ein inkluderande arbeidsplass
  • Løn etter gjeldande overeinskomstar
  • Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår

 

Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.

Kontaktinformasjon

Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, +47 70 10 58 17, Andre.Giskegjerde.Hoybakk@helse-mr.no

Arbeidsstad

Åsehaugen 5

6017 Ålesund

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF



Referansenr.: 4790941954

Stillingsprosent: 100%

Fast

Søknadsfrist: 18.04.2024


Sektor
Offentlig
Sted
Åsehaugen 5, 6017 Ålesund
Stillingsfunksjon
Sykepleier, Helsepersonell
FINN-kode
347572560
Sist endret
08. apr. 2024 08:54